Fullsizeoutput 1759
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Henrik (24) er ny avdelingsingeniør

Henrik (24) er ny avdelingsingeniør

04. november 2021
Henrik Holen (24) kom rett frå studenttilværelsen då han vart tilbudt jobb som avdelingsingeniør i Vang kommune. No balanserer han den nye arbeidskvardagen med friluftsinteresser høgt til fjells.

- Det er mange faktorer som har gjort til at eg havna akkurat her i Vang, smiler Henrik Holen (24). 

Planen var i utgangspunktet at den unge byggingeniøren frå Nittedal skulle hoppe rett på masterstudiet og fortsette studieløpet i ein rasande fart. Men etter tre semester med koronarestriksjonar og heimestudier var han enkelt sagt: forferdeleg lei.  

Difor frista det hakket meir med ein smakebit på arbeidslivet denne hausten! 

- Ettersom kjærasten min bur i Vågå, var det naturleg å sjå etter arbeid i nærleiken. Då stillinga som avdelingsingeniør for vatn og avløp dukka opp her i Vang, var eg kjapp med å søkje. Omtrent like kjapt fekk eg jobben, ler Henrik. 

 

Unik moglegheit til å teste yrket 

Henrik har gått inn i eit års vikariat, og såg sitt snitt til å teste ut arbeidslivet før han går vidare på masterstudiet.

- For meg er det ein unik moglegheit å få teste ut yrket, før eg eventuelt går vidare med utdanning. Hittil stortrivst eg med både jobben og i staben. Eg har fått ein fantastisk velkomst, smiler Henrik. 

Det er ikkje berre berre å koma rett frå studiebenken og inn på kommunehuset. Han fortel at staben i kommunen har vore flinke til å balansere nye arbeidsoppgåver, og ny kvardag på ein perfekt måte. 

- Eg får meir og meir ansvar ettersom eg både lærer meir, og blir komfortabel i rollen min. Det er ei veldig fin løysing, og eg får ta ting i mitt tempo. Alle har jo vore nye ein gong, smiler han. 

- Det blir og ein del spørsmål til dei som sitt på nabokontora, dei får kjørt seg, ler Henrik. 

 

Gler seg til snødekt Vangsnatur 

Den fleksible arbeidskvardagen gjer det også lett for Henrik å legge opp dagane akkurat slik han vil. Noko som kjem særdeles godt med når vinteren gjer sin ankomst her i Vang. 

- Eg er utruleg glad i å gå på ski, og då kanskje spesielt randonee. Eg kan nesten ikkje vente til snøen legg seg, og det endeleg går an å ta fram skia. Det blir utruleg spennande å teste fjellskrentene i Vang, ler Henrik.

- Det verkar til å vera eit stort miljø for ski her i Vang og Valdres, og eg gler meg til å bli betre kjent med moglegheitene og folka her, legg han til.  

- Ellers er eg veldig glad i å gå i fjellet! Så når det koker som verst her på kontoret, er det i fjellheimen eg finn ro og kvilepuls, smiler Henrik.

 

Me satsar på ein god vinter, herleg puddersnø og ynskjer Henrik varmt velkomen til Vang!