SATSAR: -På to år har me utvikla oss til å bli ein heilårsdestinasjon, seier dagleg leiar Odd Helge Brugrand i Kongevegen over Filefjell. Bildet er frå stiftstøtta som skilde gamle Akershus og Bergens Stift. Foto: Silje Damstuen Forthun
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Her blir Kongevegen ein vinterdestinasjon

Her blir Kongevegen ein vinterdestinasjon

21. februar 2022
I helga vart strekninga av Kongevegen som går over toppen av Filefjell stikka ut og skilta for skigåarar. Samstundes lanserte Kongevegen nye vinterpakker. – Dette er ein milepæl for oss, Kongevegen er blitt ein heilårsdestinasjon, seier dagleg leiar.

Av: Odd Helge Brugrand.

-I 2020 utvikla Kongevegen turpakker og aktivitetar for sommar. I fjor lagde me det samme for vår og haust. No tek me vinteren. På to år, og under ein pandemi, har Kongevegen gått frå å vere eit sommarmål til å bli ein heilårsdestinasjon, seier dagleg leiar Odd Helge Brugrand i bedriftsnettverket for Kongevegen over Filefjell.

Denne helga stakk og skilta Knut Horvath Maristuen og Sven Richard Møller ut den nye skiruta som følger Kongevegen over toppen av Filefjell. Begge har bedrifter i bedriftsnettverket for Kongevegen som samlar nær 40 verksemder i Valdres og Lærdal. Meininga er at både turistar og fastbuande skal kunne bruke den nye vinterløypa.

-For Kongevegen er det viktig å utvikle vinteren for å få heilårsdrift. Det skapar arbeidsplassar og sikrar tilbod for lokalbefolkninga. Satsinga til Kongevegen er i tråd med vintersatsinga til Visit Sognefjord. Visit Valdres er allereie sterke på vinterturisme, seier Brugrand.

I den eine satsinga til Kongevegen skal folk gå på truger og ski frå Austlandet til Vestlandet. I den andre skal dei gå rundtur på ski mellom aust og vest. Gjestene skal overnatte undervegs. I tillegg tilbys ny vinteraktivitet, der ein guide tek folk ut i fjellheimen, vekk frå gate- og hyttelys, for å nyte villmarka rundt eit bål og under stjernehimmelen.

-No i første omgang skjer vintersatsinga i Filefjell-området, der Kongevegen har mykje infrastruktur på plass allereie. Det er opne overnattingsstadar på begge sider av fjellet, og me har serveringsstadar som er opne kvar dag, seier Brugrand.

-Vår satsing kan vere med på å styrke driftsgrunnlaget for desse verksemdene, som i tillegg har trafikk frå skiheisen og vintertrafikken på Filefjell, held han fram.

Satsinga på vinterturisme er ikkje det einaste Kongevegen skal lansere i vår. Brugand varslar at det første halvåret av 2022 blir det mest aktive i Kongevegen-nettverket hittil.

-Bedriftsnettverket er fullt av ja-folk og styret er offensivt. Me valde å nytte pandemien til å satse. Kongevegen var inne i ein sterk vekst før pandemien. Me satsar på å finne att denne veksten no når samfunnet er opna opp, seier Brugrand.

Trafikkteljarane til Kongevegen over Filefjell viste at i sommarhalvåret 2020 var det 63 000 passeringar på nokre av delstrekningane til Kongevegen.

Les meir om Kongevegen over Filefjell sine turpakker her.