Stifstøtta på strekningen Kyrkjestølen-Maristova langs Kongevegen over Filefjell ligg berre eit par kilometer frå Kyrkjestølen. Foto: Sverre Hjørnevik.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Hilmevandring langs kongevegen og konsert i St. Tomaskyrkja

Hilmevandring langs kongevegen og konsert i St. Tomaskyrkja

04. juli 2019

Sundag klokka tolv er det klart for historisk vandring frå St. Tomaskyrkja til Maristuen langs Kongevegen over Filefjell. Lokalhistorisk orakel Dagfinn Hegg-Lunde er vertskap på turen som vert avslutta med konserten «Sogesong» i St. Tomaskyrkja.

Heilt konge! Det er vegen over Filefjell. Vegen går mellom Lærdal i Sogn og Vang i Valdres og er kåra til Noregs vakraste veg. Kongevegen sto ferdig i 1793 som den fyrste køyrevegen mellom Austlandet og Vestlandet og er slik sett ein historisk viktig veg som går igjennom urørt natur og storslått kulturlandskap.

Vegen er nyrestaurert og resultatet er verdt eit besøk, og med spektakulære bruer og forstøtningsmurar i nydeleg natur håvar vegen inn prisar. I april 2017 blei prosjektet heidra med EUs kulturminnepris (Europa Nostra Awards) i kategorien «Bevaring».

Jørn Hilme-stemnet er stolt over å tilby publikum Vandring på Kongevegen kombinert med konserten "Sogesong" i St. Tomaskyrkja. For å trimme alle sansar blir det mat på Kyrkjestølen før konserten.

Turen går frå Kyrkjestølen på Filefjell og turvert for dagen er Dagfinn Hegg-Lunde. Dagfinn driv Borlo bygdetun og er ein enorm kjelde til historisk kunnskap om området.

Turen startar klokka 12.00 frå Kyrkjestølen og går til Maristuen, med buss tilbake til Kyrkjestølen. Middels krevjande tur på 11 km.

Konserten finn stad klokka 17.00 i St Tomaskyrkja.

  • Billettar her! (Denne billetten gjeld både vandring, mat på Kyrkjestølen og konsert. Billettar må bestillast før kl 21.00 6. juli.)

Billettar til kun konserten i St. Tomaskyrkja kjøper du her

Arrangementet er eit samarbeid mellom Hilme og bedriftsnettverket Kongevegbedrifter Filefjell SA