Nyheit

Hjartestartar til Tveit

  Nyheitsarkiv
11. jun 2015
  • Tore Hovda frå Vang Sparebank deler ut hjartestartar til FK Vang og Tveit stadion.
  • FK Vang, klar til kamp. No med hjartestarter på plass.
Gåve frå Vang Sparebank

Tveit stadion og FK Vang er no rusta for det verst tenkjelege – ein hjartestartar er nemleg på plass, gjeve av Vang Sparebank.

– Vi håper sjølvsagt det aldri vert bruk for gåva, men ut frå kor mange som vert råka av dette i året er det greit at eit anlegg som Tveit har dette, fortel banksjef Arnfinn Helge Kvam i Vang sparebank. 

Utdelinga skjedde på Tveit stadion fredag 5. juni i forkant av heimekampen til FK Vang denne kvelden. 

Kvart år vert mellom 3– og 5000 råka av hjartestopp. Sekunda teller og difor er hjartestartar noko stadig fleire idrettsanlegg får på plass. Hjartestartaren er enkel å bruke og ein treng ikkje medisinsk bakgrun for å nytte han. Steg for steg fortel startaren sjølv koreleis ein skal gå fram om ein kjem i ein brukssituasjon. Med vekt på berre to kilo kan også FK Vang ta med startarten på bortekampar. 

– Tveit Stadion har i mange år vore ein viktig arena for både yngre og vaksne spelarar til både trening og kamp. Med denne gåva vert både utøvarar, støtteapparat og publikum endå nokre hakk meir ubekymra, avsluttar banksjefen.