69457956 F679 4301 8899 1CCE29DF1E4E
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Høgt og lågt med Vang klatreklubb

Høgt og lågt med Vang klatreklubb

17. mars 2022
Ein inkluderande og sosial møteplass for alle, uavhengig av nivå og ferdigheter er det som beskriv Vang klatreklubb aller best.

SKREVET AV: Ida Nordland Hillestad, Innovangsjon. 

2022 er frivillighetens år! Vang frivilligsentral og Innovangsjon vil difor gjennom heile året hylle frivilligheita i bygda ved å presentere alle lag og foreiningar!

- Det er nok det eg synes er aller finast med klatring, at me kan møtes på tvers av nivå og likevel kunne klatre sammen, seier leiar i Vang klatreklubb Linda Jevne. 

Ho har vore leiar av klubben i godt over tre år og er brennande engasjert for at klatreveggen skal vera ein trygg, inkluderande og triveleg plass for alle i heile bygda. Noko det verkeleg er, for i klatreveggen treng du verken forkunnskap eller å eie utstyr, ei heller treng du vera verdensmester.

Du kan rett og slett koma akkurat som du er, og det er meir enn bra nok!

- For meg er det givande å vera leiar av klubben. Eg blir utrolig glad når eg ser folk gjere nye ting og oppleve mestring i klatreveggen. At me som klubb kan påverke folk positivt er kjempegivande og utruleg artig, smiler Linda. 

 

Vil skape ein levande klatreklubb 

Vang klatreklubb er svært aktive og ynskjer at det alltid skal vera noko spennande på gong. Blant anna har dei i samarbeid med alle klatreklubbene i Hallingdal og Valdres arrangert cup, med turnering i begge dalfører. Dei har arrangert kick-off, og skrur jevnleg om rutene i veggen. 

- Me vil jo vera så aktive som me kan, samtidig som vårt aller største mål er at å klatring hjå uss skal vera eit lavterskeltilbod, seier Linda. 

- I tillegg held me også brattkortkurs etter forespørsel, og har arrangert både teknikkurs og ruteskruerkurs, legg ho til.  

Jevne fortel at klubben låner ut alt utstyr du treng, både sko, sæle, taubrems og tau. I tillegg er det satt opp fire autobelayer, slik at du skal kunne klatre på eigehand om du ynskjer det. Det er og ein buldrevegg med nok av klatretak å bryne seg på!

Det er klatring kvar måndag frå 17-21 (barneklatring frå 17-18), onsdag og fredagar. Medlemskontingenten for vaksne er på 600,-, 300,- for barn og 1200,- for familie, i medlemskontingenten er alt av utstyr inkludert. Du treng ikkje nokon spesiell bekledning, men det er anbefalt med lette, ledige kleder. 

- Me har også drop in for dei som ynskjer ein smakebit på kva klatreveggen har å by på, smiler Linda.  

Ho fortel at klatreklubben ynskjer seg aktive klatremedlem som kan vera med å utvikle klubben vidare. 

- Det aller beste du kan gjere for klubben er å komma på klatring, ler Linda.

 

Ein inkluderande møteplass 

Eit særs aktivt og engasjert medlem i Vang klatreklubb er Ingrid Wigdel. Ho forsøker å reise på klatring tre gonger i veka, og fortel at dette er ein flott arena for å utvikle seg. 

- For meg er klatring fyrst og fremst ein sosial og inkluderande møteplass, der eg møter masse fine folk. I tillegg får eg moglegheit til å utfordre meg både fysisk og mentalt, noko eg synes er svært tilfredsstillande, smiler Wigdel. 

Ho har vore med i klatreklubben heilt sidan oppstarten for fem år sidan.

- Då eg fekk veta at det skulle bli klatreklubb i Vang vart eg skikkelig glad. Eg har heile tida vore glad i å klatre, og synes det var kjempestas at me skulle få eit slikt tilbod her i bygda, seier Wigdel. 

Du kan lese meir om Vang klatreklubb på deira Facebookside ved å klikke her.