2023 Høre Mannskor
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Høre mannskor feirar 80 glade år!

Høre mannskor feirar 80 glade år!

13. november 2023
Høre mannskor feirar 80 glade år og inviterer deg til triveleg feiring den 28. november!

- Vi har invitert Vestre Slidre/Sør-Aurdal koret og Vangskoret for å lage ein hyggeleg markering av hendinga. Det vert mykje korsong denne kvelden, seier leiar Oddbjørn Skeie.

Mannskoret starta opp i 1943 med Håkon Mikkelsen som initiativtakar.  Etter kvart kom Harry Andersen med som dirigent. Etter ei pause frå 1945 til 1948 kom koret i gang igjen med Nils Haugen som dirigent, og han dirigerte koret fram til 1982. Høre mannskor har mykje å takke han for. Frå 1983 har Bjarne Torkildsen, Siri-Gro Solemsli, Gunnar Baden og Monica Korsli Solberg vore dirigentar i koret. No er Silje Helland dirigent, men ho er i barselpermisjon og Oddbjørn Skeie og Jovita Bergheim har vikariert i denne perioden.

 

Sosialt og spennande kor 

Koret har eit godt miljø, der kaffekos og prat i pausa er viktig. Koret har vitja Vinjerock, Grieghallen, København og har vore i  Budapest og sunge i Matthias kirken. Eit samarbeid med Nidarosdomen guttekor er og eit viktig augeblikk i historia til koret. Nye turar og opplevingar er under planlegging, der det mellom anna vert snakka om ein tur til Island.

- Alle tidlegare dirigentar er invitert til 80 års markeringa, og nokre av dei vil og dirigere mannskoret på kvelden. Monica og Gunnar kan ein forvente å sjå som dirigent, men kanskje og andre, seier Skeie. 

Carl Philip Weisser vil vere konferansier og vil lose uss gjennom litt av historia til Høre mannskor. Det vil bli litt å bite i på kvelden, legg han til. 

Velkommen til feiring på tysdag 28.november kl 19.00 på Høre samfunnshus.