Øystein Vangsnes har stått i bresjen for innsamlinga av over 70.000 kroner til Intersport Filefjell og Joker Tyinkrysset no. Fleire initiativ er på veg!
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Hytte-eigarar engasjerer seg

Hytte-eigarar engasjerer seg

17. april 2020

Hytte-eigarar på Tyin-Filefjell har samla inn over 70.000 kroner til Joker Tyinkrysset og Intersport Filefjell.

– Då hytteforbudet kom fortstod vi raskt at dette ville ramme hardt på Tyinkrysset. Saman med hyttenabo Odd Tore Moen vart vi einige om at ein felles korona-støtte utan å krevje noko tilbake var ei god løysing og alt same kveld var planen klar, fortel Øystein Vangsnes, hytte-eigar med eit stort hjarte for området.



Etter nokre eposter, smsar og postar i sosiale medium synte det seg raskt at fleire sat med same engasjement dei næringsdrivande i området.



- Etter fem timar var det kome inn 21.000 og i går vart 73.000 overført til Jokeren og Intersporten som var i fokus denne runda. For utan pengar har det også vore stort engasjement, kreative innspel og mange heiarop, fortel Vangsnes.

Meir på gang

Både pengane inn og ikkje minst engasjementet frå hyttefolket vart sett stor pris på får bedriftseigarane og Vangsnes er klar på at han og andre verkeleg ynskjer å bidra.

– Eg trur vi som eig hytte i området vert endå meir knytt til bygda i ei sånn krise og er overtydd om at fleire av oss vil nytte dei lokale tilboda og heie på nye etableringar i bygda framover.

Det er også signal frå mange av gjevarane at dei ynskjer å bidra meir for å skape eit godt samarbeidsklima med utviklarar, grunneigarar og kommune.

– Vi er allereie i gang med å sjå på trinn to i denne dugnaden der lokale entreprenørar, restaurant/afterski og transport kjem inn i bildet. Vi er i tett dialog med Innovangsjon og eg trur mange kan glede seg til neste veke og lansering av noko heilt nytt.

Feriestad for familien

For Vangsnes og familien er hytta på Tyinkrysset deira kjæraste feriestad og dei tek turen så ofte som mogleg både sommar og vinter. No håpar han at destinasjonen kan utvikle seg vidare framover.

Det er viktig for både nye og gamle hytteeigarar og besøkande til bygda. Fyrst og fremst tenkjer eg på eit godt uviklet alpinanlegg og ikkje minst overnattingsplassar for å trekke til seg turistar.

Samstundes er han klar på at han ikkje ynskjer eit nyt Hemsedal eller Trysil.

- Eg ynskjer som dei fleste andre ei utvikling der ein klarer å ta vare på bygda og destinasjonen sin sjarm og verne om dei unike naturområda som er her.