Ida Norland Hillestad (24) er journalist, lokalpatriot og ny Innovangsjonsminister.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Ida Nordland Hillestad (24) er ny Innovangsjonsminister

Ida Nordland Hillestad (24) er ny Innovangsjonsminister

12. april 2021
Ida Nordland Hillestad (24) går frå avisjournalist i Trøndelag til jobben som Innovangsjonsminister i Vang.

– Eg er særs takknemleg for at Innovangsjon tørr å satse ungt og at eg får sjansen til å vera med å utvikle Vang vidare. Eg brenn for at heimbygda vår skal vera ein god plass å vekse opp og ein god plass på flytte til, fortel Ida Nordland Hillestad.

Det siste året har ho jobba i lag med Tore (på sporet) Strømøy i avisa Frøya i Trøndelag, men frå sommaren av er det altså heimbygda Vang som gjeld.

– Eg ynskjer å bidra til å løfte Vang opp og fram ved å skape blest og trivsel. Det kan overbevise fleire om å at Vang er ein makalaus plass å bu, samstundes som det er viktig at dei som allereie er vansgjeldingar trivst. Alle lyt inkluderast i bygda, og eg ser fram til å jobbe etter mottoet «Vang byggjer Vang» kvar dag.

Motivert patriot
Ida har vekse opp i Remmisgardane og trivst godt på ein fjellknaus i Jotunheimen med joggeskoa på beina.

– Fjella og utsikta er nok det eg likar aller best med Vang, uansett kvar du dreg er det alltid noko flott å sjå på. Eg har heile vegen vore veldig oppteken av å fortelje folk kor bra Vang er og er nok i kategorien «irriterande glad i heimplassen», fortel Ida med eit smil.

Ho byrjar i Innovangsjon SA i løpet av sommaren der ho jobbar i lag med næringsutviklar og dagleg leiar Dag Inge Bruflot.