Ida+Nordland
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Ida på plass som Innovangsjonsminister

Ida på plass som Innovangsjonsminister

03. august 2021
Ida Nordland Hillestad (24) har tatt fatt på jobben som Innovangsjonsminister i Vang denne veka.

- Eg gler meg til å ta fatt på jobben som Innovangsjonsminister, det har eg sett frem til i fleire månader no. Det å endeleg væra i gang føles fantastisk og eg sett stor pris på tilliten eg er vist, seier Nordland Hillestad. 

Ida kjem rett frå jobben som avisjournalist i nettavisa Frøya.no og har journalistudannning i botn. Ho har eit brennande engasjement for heimkommunen og meiner at dette er draumejobben på alle vis. 

- Å få muligheita til å kombinere journalistutdanninga med det eg brenn aller mest for, ser eg på som eit privilegium. Dette blir heilt knall, smiler Nordland Hillestad. 

 

Løfte Vang opp og fram 

Ida ynskjer å bidra til å løfte Vang opp og fram ved å skape blest og trivsel, ho meiner dette kan overbevise fleire om at Vang er ein makalaus plass å bu. 

- Innovangsjon har klare satsingsområder som det heile tida skal jobbast aktivt med; bustad, arbeidsplasser, møteplasser og blest, seier Nordland Hillestad 

- Når det er sagt, er eg svært open for innspel, idear og tilbakemeldingar. Innovangsjon åleine har ingen fasit på korleis ting skal løysast, og me blir alltid betre saman, understreker ho. 

- Og like viktig som at me får nye til å busette seg i bygda, er det også at vansgjeldingane trivst. Alle lyt inkluderast, og eg ser fram til å jobbe etter mottoet «Vang byggjer Vang» kvar dag, smiler Nordland Hillestad. 

 

Motivert for nye utfordringer

Den fyrste tida skal den ferske Innovangsjonsministeren bruke tid på å bli kjent med den nye arbeidshverdagen og dei nye oppgåvene.  

- Eg føler på mange måtar ein må bli kjent med Vang litt på ny. Det er noko heilt anna å ha ein aktiv rolle i bygda, og eg må tilegne meg mykje kunnskap og ha god oversikt, seier Ida. 

- Det aller viktigaste no i starten er å koma seg ut for å møte folk og ta litt ¨temperaturen¨ på kva som skjer og er på gang, smiler ho. 

 

Lurar du på noko, eller har lyst til å slå av ein prat? 

Du treff Innovangsjonsminister Ida på ida@vangivaldres.no og på mobil 48090059.