78149CE6 D35D 4F74 AB30 7D7700C7A465 (1)
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Ingrid har gjort kreativitet til heiltidsjobb

Ingrid har gjort kreativitet til heiltidsjobb

02. februar 2022
For tre år sidan tok Ingrid Wigdel valget om å satse fullt ut på draumen om Ingridesign.

- Eg har nok alltid likt å bruke hovudet kreativt og skape noko, smiler Ingrid Wigdel.

Ingridesign er eit godt bevis på det. Sidan 2019 har Wigdel dreve sitt eige firma med grafisk og visuell kommunikasjons design, og tar på seg oppdrag både for bedrifter og privatpersoner. Ho lev rett og slett av eit kreativt hovud, og eit godt auge for å skape blikkfang.

- Eg er svært takksam for alle oppdrag eg har fått lov å vera med på, og at folk vil bruke Ingridesign. Det er fantastisk og verkeleg noko eg ikkje tek for gitt, seier Wigdel.

 

Tok steget i 2019

No lev Ingrid draumen, men det var faktisk ikkje gitt at ho skulle starte opp firma for seg sjølv, og ta sjansen på å leve fullt ut av kreativiteten her i Vang. Ho har nemleg vore mange år utabygds, og trivdes godt med det.

- Eg er dekoratør av yrke og har jobba som det i mange år, både utanlands og i Noreg, fortel ho.

Ingrid har blant anna arbeida eit år på IKEA i Tyskland, vore dekoratør og interiøransvarleg for Bohus, men etter nokre år starta ho å arbeide som lysdesignar belysningsinteriør, og der ho har hatt mange spennande oppdrag.

Grafisk design har vore ein hobby sidan 2005, og tok stadig større plass på fritida. Så, etter litt for mange år i Oslobyen valgte Ingrid å flytte tilbake til Vang i 2012. Ingridesign vart med på lasset, og vart registrert i 2013.

- Då eg kom heim fortsatte eg i lysdesignjobben på heimekontor frå Oslo, men etter kvart starta eg som personleg assistent, og så takka eg ja til ei stilling i banken. Eg jobba der i nokre år, før tanken og ideen om å starte opp for meg sjølv verkeleg kunne realiserast, seier Ingrid.

- Tanken om å skulle seie opp ei fast stilling for å satse på draumen, var skummel. Eg visste jo heller ikkje noko om kundegrunnlaget over tid for ein grafisk designer midt på bygda, ler ho.

Men i 2019 tek Ingrid steget og startar opp for seg sjølv, med flunkande nytt firma; Ingridesign. Ho får seg kontorplass på Synshagen Næringspark, og ballen byrjer å rulle.

 

Over all forventning

Sidan oppstarten i 2019 har Ingrid hatt jevnt med oppdrag, både små og store frå bedrifter og privatpersoner.

Med kun ein iMac og eit oppfinnsomt hovud, kjem dei beste idear på bordet. Det har resultert i at Ingrid blant mykje anna har laga logo for fleire av dei lokale bedriftene i Vang, til dømes Ryfoss Betong og Tveitabru.

Ho har utforma designet på både Menighetsbladet og Eidsbugarden Budstikke i fleire år, og står bak designet på den velkjente Vinjeaquaviten. Berre for å nevne nokre spenstige oppdrag!

Markedet hennar har utvida seg etter kvart, og ho har kunder på Vestlandet, i Hallingdal og i Oslo. Ho gjer også grafisk design for organisasjonen Bevar Mørket, som ho har vore med å starte opp.

- Dei fleste tek kontakt med meg i det dei er i ferd med å starte opp ein bedrift, og treng hjelp til enten logo, visittkort, etikettar, profilering, skilt eller nettside. Då startar idémyldringa og den kreative prosessen, og ein ser om det er behov for ein designstrategi, legg ho til.

- Eg likar utfordringar og synes det er artig med ting eg ikkje har prøvd før. I tillegg er det utruleg spennande med samarbeid med andre aktørar i næringslivet, og eg forsøker så langt det går å bruke lokale samarbeidspartnarar på til dømes trykking av magasin, produktfoto, trykk på trøyer og arbeidstøy eller produksjon av møbler og interiør, smiler Ingrid.

Kanskje treng du å oppgradere logoen på bedriften din? Få deg ein heimeside, eller ta steget og starte opp? Ingridesign hjelper deg i gang!