IMG 1006 (1)
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Ingrid og Joachim tek over Vang Tannlegekontor

Ingrid og Joachim tek over Vang Tannlegekontor

01. august 2023
Nye tilbod og betre opningstidar står på planen når Ingrid Holsen Dreyer og Joachim Hjermann Dahl i dag tek over drifta av Vang Tannlegekontor.

- Det føles bra, og fint å få kunne styre kvardagen og drifta sjølv, smiler Joachim Hjermann Dahl. 

Han og kona Ingrid er slettes ikkje to ukjente fjes på Vang Tannlegekontor, snarare tvert om! Dei har begge arbeida på tannlegekontoret sidan dei kom til Vang for tre år sidan, og er difor godt kjent med den daglege drifta. 

- Me gler oss veldig til å komme igang og sette vårt eige preg på drifta framover, seier Holsen Dreyer.

 

Utvidar tilbodet på tannlegekontoret 

Sjølv om det aller meste vil vera som før, er det spesielt tre ting som skal endrast no som Ingrid og Joachim tek over drifta. 

- Den fyrste endringa er opningstida av tannlegekontoret, som vil bli betydelig auka. Det vil sei at me i utgangspunktet er på klinikken måndag til fredag, seier Hjermann Dahl.

Fredagene vil nok ha litt varierande innhold; vanlig tannbehandling, kirurgi samt administrative oppgaver. Ekteparet håpar også å kunne oppretthalde nokre avspaseringsdagar når sola skin på Valdresflya.

- Dei dagane er gull verd, sidan vi har flytta vekk fra barnevaktene, smiler han. 

I tillegg ynskjer dei å starte opp ei tannlegevakt-ordning som per dags dato ikkje finnes i Vang. 

- Detaljene kjem me litt tilbake til, men me ynskjer ein telefonløysing der ein kan ringe og få time til dei meir akutte tilfellene, seier han. 

Og sist, men ikkje minst skal Vang Tannlegekontor på sikt kunne tilby ein ambulerande ordning med oral kirurgisk behandling til sine pasientar, og potensielle henvisere i Valdres og regionen forøvrig.

Det er og verdt å nevne at Ingrid har vidareutdanning innan tannlegeskrekk, og vil ta godt vare på dei som kanskje kvier seg litt ekstra for å ta turen til tannlegen. 

- No gler me oss veldig til å opne opp og ta i mot faste og nye pasientar, smiler dei. 

For oppdatert informasjon om opningstider og behandlingstilbod, besøk www.vang-tannlegekontor.no.