3ED8C221 5F22 43C0 9B5B 546B9D27644F 1 201 A
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Inngår lokalt og spennande samarbeid

Inngår lokalt og spennande samarbeid

21. desember 2021
Geir Morten Sveberg i Jotun Bygg AS og Kjell Arne Dalåker i Elektrisk Innstallasjon AS har inngått nytt og spennende samarbeid i hyttebutikken.

- Eg synes det er utruleg artig og flott at Geir Morten ynskjer å skape eit flott tilbod til lokalbefolkningen her i butikken. Det er vinn - vinn og eg har verkeleg trua på dette, smiler Kjell Arne Dalåker, dagleg leiar i Elektrisk Installasjon AS og eigar av hyttebutikken i Vang sentrum. 

Etter at han måtte legge ned Tindulf hyttebutikk tidlegare i haust, var det svært gledeleg då Geir Morten slo på tråden og lanserte eit spennande prosjekt. Lenge har han hatt eit utsalg med fritid og arbeidsklær frå Blåkläder i Synshagen, og ynskja no å samarbeide. 

- Eg synes det var leit at han hadde lagt ned ein del av butikken, så eg drista meg frampå og foreslo at me kunne samarbeide, seier Geir Morten Sveberg.

 

Positivt samarbeid 

Både Kjell Arne og Geir Morten er svært positivt innstilt til det nye samarbeidet i butikken. Dei har stor tru på at dette kan vere bra både for lokalbefolkningen. 

- Det vil jo no bli eit lokalt tilbod med gode kvalitetskleder, og ein slepp å reise heile vegen til Fagernes eller bestille på nett. Her kan du både sjå og prøve, før du kjøper, seier Dalåker. 

- Så hadde det jo vore artig om me kunne fange kundemasse frå andre plassar i Valdres også, legg han til. 

- I tillegg er jo håpet at me kan gje ringvirkninger til kvarandre. At dei som en innom for å sjå på kvitevarer, kanskje også titter på kledene, seier Sveberg. 

Han understreker at det ikkje berre er arbeidskleder til sals i butikken. 

- Det er også kleder ein kan bruke til fritid og kvardag, både for damer og herrer, smiler han. 

På sikt skal også Kaizer takrenner inn som eit tilbod i butikken. Sveberg driv nemleg også salg og montering av forskjellige typer takrenner. 

 

Viktig å handle lokalt 

Viktigheiten av å handle hjå lokale butikkar har vel aldri vore større, mest på grunn av korona, men også fordi eit lite lokalsamfunn er svært sårbart.

Me må ta vare på kvarandre og dei tilboda som finnes i bygda vår, hvis ikkje kan me risikere at dei ikkje overlever.

- Me håper lokalbefolkningen ynskjer å handle både hvitevarer og arbeidskleder hjå oss, smiler Dalåker og Sveberg. 

Dei fortel at det vil bli offisiell opning av Blåkläder utslaget nærmare påske, når restriksjonane forhåpentlegvis ikkje er så strenge. 

- Då er alle varmt velkomne til ein skikkeleg fest av ein opning, seier Sveberg. 

Enn så lenge er du også varmt velkomen innom hyttebutikken for å titte både på klær og kvitevarer. Kanskje du kan sikre deg dei siste julegåvene her i år?