6F919E85 5EF2 4D6C B699 E0B7C1A14207
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Inviterar til nyttårsfest på Torsheim

Inviterar til nyttårsfest på Torsheim

24. november 2022
Lise Lajord Munk, Ingrid Wigdel og Marianne Riste vil gje alle moglegheiten til å feire nyttårsaften i godt lag. No inviterer dei til feiring på Torsheim!

- Det er ein nyttårsfest for alle i heile bygda og alle er hjarteleg velkomne til å bli med på feiringa denne kvelden, smiler Marianne Riste. 

For på nyttårsaften skal Torsheim kles opp i festdrakt, Syndinstøga skal levere deilig nyttårstapas og det er store moglegheiter for at det blir god underhaldning denne kvelden! 

- Her kan ein komme åleine, som par eller med vener, her er det plass til alle som vil feire at vi går inn i det nye året, seier Lise Lajord Munk.  

 

Ingen skal måtte feire åleine 

Ideen om å arrangere nyttårsfest på Torsheim sprang ut frå tanken om at ingen skal måtte sitte åleine på nyttårsaften, og at alle skal ha moglegheit til å feire med nokon. 

- Det er mange som kanskje ikkje har nokon å feire med, familien er kanskje langt unna, barna er kanskje flytta ut, det finnes eit hav av grunner til at man er åleine eller er færre enn ein pleier å vera, seier Lajord Munk. 

- Og nettopp det vil vi prøve å gjere noko med. Dette er jo ein fest for alle saman i bygda, men med ein ekstra varm tanke til dei som faktisk treng å vera saman med nokon denne kvelden, smiler ho. 

- Så er det jo noko veldig fint med å møtast på tvers av generasjonar, og bli betre kjent med folk, legg Riste til. 

Riste fortel at planlegginga av festen allereie er godt i gang, og at det vil bli ein ordentlig nyttårsfeiring. Det er ikkje satt nokon aldersgrense, men det er tillatt å ta med seg alkohol denne kvelden. 

- Vi gler oss veldig til ein fin nyttårsfeiring på Torsheim! Ta med alt festhumør du har og bli med oss inn i det nye året, smiler ho. 

Det er påmeldingsfrist til nyttårsfesten 14. desember, og påmeldinga er bindende. 

Du kan lese meir om arrangementet via denne lenka.