DSCF8605
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Inviterer heile Vang til sommarfest

Inviterer heile Vang til sommarfest

06. juni 2023
Det blir sommarvibber og god stemning når Frivilligsentralen, mottaket, biblioteket og Vinjerock går saman om å lage sommarfest i Vang denne helga!

- Vi gler oss utruleg mykje og synes det er skikkeleg stas å få arrangere saman med denne fine gjengen, seier Marte Tangen, dagleg leiar ved Vang frivilligsentral. 

Laurdag 10. juni klokka 12.00 brakar det nemleg laus med ein skikkeleg aktiv sommarfest nedanfor Vangstunet. Det vil bli eit innhaldsrikt program med mange aktivitetar, mat, konkurransar, moglegheit for badstue og mykje meir! 

- Ein del av utstyret ein kan låne gratis i BUA skal sjølvsagt vera med på sommarfesten, slik at folk kan få prøve. Det blir blant anna volleyball, kubb, to packrafter, slakkline og Are Flaten skal ha ein artig konkurranse med discgolf for både store og små, seier Tangen. 

Og det er ikkje berre konkurranse i discgolf denne dagen! Det blir ei reprise av hoppetau-dugnaden og triksekonkurransa som var på fjorårets haustmarked. 

- Både Tyin-Filefjell og Elektromontasje ynskjer å donere pengar, og det er me veldig glade og takksamme for. Alle pengane som kjem inn denne dagen, går til ein barneheim i Ukraina; Misto Dobra, fortel Tangen.

 

Fingermat, ansiktsmaling og dans 

I tillegg til alle konkurransar og aktivitetar, er det sjølvsagt også mat å få denne dagen. Det er bebuarane på mottaket i Vang som skal kokkelere for anledningen, og masse deilige smakar står på menyen! 

- Dei er utruleg dyktige med mat og vi gler oss stort til dei skal lage fingermat til sommarfesten, smiler Tangen. 

Sjølvsagt blir det også ansiktsmaling for barna om dei vil det! Og sist, men ikkje minst - Bibbi Blomlie kjem og lagar leikarring for borna! 

A-klassedansaren frå Øystre Slidre har lang fartstid som folkedansar og held kurs i Valdresspringar og Halling. Ho er dansar i Mamelukk Dansekompani og har vore dansar og skodespelar for Västanå Teater. For tida jobbar ho med nyproduksjonar av førestillingar for barn og unge. På sumarfesten inviterer ho borna inn i leikarring og hallingkast, bli med!

- Dette er eit gratis arrangement for både for barn og vaksne, så me håpar alle som vil tek turen for ein triveleg formiddag, smiler Tangen. 

Blir det dårleg vær, følg med på heimesida eller Facebooksida til Vang frivilligsentral for oppdatert informasjon om arrangementet.