2C0CAD46 3F59 4CEF 8E46 2C0A37D6AB51
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Iren opnar døra til mormorhuset

Iren opnar døra til mormorhuset

17. november 2022
Iren Vengel Remmen har flytta alle mormors vakre skattar inn i nytt butikklokale i Ryfoss. Denne helgen opnar ho døra til mormorhuset!

- Kom inn, kom inn! Eg er slettes ikkje ferdig endå, men forhåpentlegvis blir eg det før laurdag, ler Iren Vengel Remmen. 

For på laurdag opnar nemleg døra til Iren sitt splitter nye butikklokale, berre nokre få meter bortanfor der ho har dreve dei siste to åra. I eit sjarmerande og gamalt bolighus, midt i Ryfoss sentrum, har alle mormors  skattar no flytta inn! 

- Det er faktisk mange som har trudd at eg skal bu her sjølv, det skal eg altså ikkje. Dette er dei ny butikklokala mine - mormorhuset, som det no heiter, smiler Vengel Remmen. 

 

Frå vill ide, til triveleg hus 

Dei fleste kjenner Iren frå butikklokala ved treningssenteret, der ho har dreve sidan ho starta opp Mormor´s skatter i 2020. I utgangspunktet hadde ho ingen plan om å flytte ut derifrå, før ho plutseleg ein dag fekk eit innfall. 

- Det er jo slik eg er. Eg får nokre innfall i blant, også hoppar eg berre uti med begge føtane og satser på at det løser seg. Noko det som oftast gjer heldigvis, ler Iren. 

- Eg stod ute på trammen ved butikken og såg bort på bolighuset rett ved siden av, som var til sal. Så fekk eg det for meg at dette huset skulle eg kjøpe, og der skulle butikken leve vidare, seier ho. 

Ho slik vart det! For no er mormorhuset ein realitet. Eit skattekammer av eit bolighus! 

- Heile huset er blitt til butikk, så det blir veldig spennande å sjå om folk har sansen for det og faktisk likar det. Ein kan jo sei at heile huset er blitt eit skattekammer, alle krikar og krokar er fylt med skattar, smiler Vengel Remmen. 

- Det blir jo ein litt anna måte å handle på. Her må ein opne både skåpdører og skuffar for å sjå om ein finn noko spennande, for alt er jo til sals, ler ho. 

 

- Tida står stille her inne 

Iren har brukt dei siste månadene på å pusse opp det nye butikklokalet sitt, som faktisk ein gong i tida har vore både bank og postkontor i Ryfoss!

- Eg visste jo ikkje så mykje om historia til huset før eg overtok, men i etterkant har eg jo lært at dette faktisk var eit litt sentralt bygg, det er jo litt artig, smiler ho. 

- For meg er det viktig å bevare historia, og å fortelje den vidare. Det er jo difor eg synes dette er artig å drive med, alle tinga her inne har historie og verdi. Og den historia og kunnskapen vil eg vera med å fortelje vidare, legg ho til. 

- Tida står jo litt stille her inne. Det er jo som å komme heim til mormor. Sånn sett kan ein seie at eg har vore heldig med valg av navn på butikken, slik at eg kan ta det med meg vidare, ler Vengel Remmen. 

Ho fortel at ho og er særs opptatt av å bevare ting, og gje dei nytt liv. Difor skal ho i uthuset etterkvart laga til verksted, der ein kan pusse opp blant anna møbler. 

- Eit slags reparasjonsverkstad for gamle ting. Berre fordi dei er gamle, betyr jo ikkje det at dei må kastas, smiler Vengel Remmen.

 

Gler seg til opning 

Etter lang tid med oppussing og opprusting av bolighuset i sentrum, er Iren endeleg klar til å opne døra inn til momorhuset. 

- Det blir veldig spennande å sjå om det kjem nokon, og om dei likar konseptet. Eg har trua på at dette kan bli veldig fint og bra, seier Vengel Remmen. 

Ho fortel at ho har hatt mykje hjelp og bistand med å pusse opp huset, og gjere det klart til opning. 

- Både familie og vener har stilt opp med både maling, pussing, utskifting og opprusting, så eg er veldig heldig som har så mykje flotte folk rundt meg, smiler Vengel Remmen. 

- Og no er det endeleg klart for opning. Ikkje alt er heilt ferdig, men noko må eg ta etter kvart. Det viktigaste er at døra er open og at folk kan få komme inn, seier ho. 

Laurdag klokka 12 er det altså offisiell opning av mormorhuset, og alle er velkomne innom i Ryfossvegen 103.

 

Vil du ha ein liten sniktitt allereie? Bla deg igjennom bildene nedanfor då vel!