Fullsizeoutput 1717
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Jarle og Ellen-Berit på plass i Føsse

Jarle og Ellen-Berit på plass i Føsse

17. oktober 2021
Jarle Dalbø og Ellen-Berit Før er på plass som nye drivarar ved YX Ryfoss. No ser dei fram til å starte eventyret i Føsse!

- Det er fortsatt litt surrealistisk å tenke på. Eg trur ikkje det heilt er gått opp for oss endå, at me har kjøpt ein bensinstasjon og no skal begynne på eit heilt nytt kapittel i livet, smiler Ellen-Berit Før. 

Og nytt kapittel kan ein verkeleg kalle det! Etter nærmare 20 år i sama jobb som lærar i Slidre, og Jarle med sine 23 år i Tine distrubusjon, er det verkeleg nye sider og blanke ark på gong. No skal dei drive ein av bygdas viktigaste møteplassar vidare, etter Olav og Elisabeth Øraker. 

- Nokon gonger blir eg litt stressa av tanken på at me skal drifte heile denne stasjonen, men så er det jo dette me vil og det føles jo heilt riktig. Heldigvis har me fått, og får fortsatt veldig god hjelp av Olav og Elisabeth. Det er ein ekstra tryggleik, smiler Jarle Dalbø. 

 

- Det var no eller aldri 

Det var langt ifrå eit impulskjøp då Dalbø og Før bestemte seg for å følgje magefølelsen og investere fleire millionar i bensinstasjonen. 

- Det har vore ein lang prosess. I mange år har me snakka om at me kunne tenkje oss å prøve noko heilt anna, men aldri heilt visst kva det skulle vera. Då me plutseleg såg at stasjonen var lagt ut for sal, kribla det i heile kroppen, ler Før.

- Fyrst tulleprata me ein del om det, men så blei det meir og meir alvorsprat, og me byrja å tenkje seriøst på det, seier Dalbø. 

Og frå spøk til alvor - no er dei stolte eigarar og drivarar av YX Ryfoss. 

- Det er godt å endeleg koma igang, sjølv om det er utruleg mykje å sette seg inn i og bli kjent med. Heldigvis har me dyktige ansatte som kan alle system og faste rutiner. Akkurat no er det dei som lærar opp meg, ler Dalbø. 

 

Spent på fortsettelsen

Som om det ikkje er nok nytt for Jarle og Ellen-Berit, skal dei no også for fyrste gong bli faste kollegaer! Det trur paret frå Slidre kjem til å gå heilt fint. 

- Eg trur me utfyller kvarandre veldig godt. Me er gode på forskjellige felt og eg trur at me skal klare å sjonglere kvardagen ihop saman, smiler Før.

No er dei aller mest spent på fortsettelsen og framtida i Ryfoss. 

- Me veit at bensinstasjonen betyr mykje for bygdefolket i Vang, og at det er ein viktig møteplass for veldig mange. Det er godt for oss å sjå at folk er så glad i plassen, seier Dalbø. 

- Det blir nok ingen store, merkbare forandringar. Likevel er det viktig at me finner litt vår eigen stil og at me ikkje blir ein dårleg kopi av dei forrige eigarane, smiler Før. 

- No gler me oss eigentleg berre til å koma ordentleg igang og bli kjent med den nye kvardagen, alle ansatte og ikkje minst bygdefolket! Me har trua på at dette bli knallbra og me gler oss til eit nytt kapittel i livet, smiler dei to nye drivarane.