Næringsfrukost (7 of 7).jpg
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Jokerspace opnar laurdag

Jokerspace opnar laurdag

23. oktober 2019

Fyrstkommande laurdag er det opningsfest for Jokerspace i Ryfoss, eit såkalla «makerspace» med Valdresvri, som mellom anna kjem til å huse kodeklubb kvar veke i vinter.

– Vi dreg i gang med både koding, design, 3D-printing og fleire andre aktivitetar under opninga og satsar på at interesserte frå alle Valdres-kommunane dukkar opp, fortel primus motor Gudbrand Heiene i Skaperkraft Valdres.

Lokalet er i same bygg som Jokerbutikken i Ryfoss og samarbeidet med eigar Tom Kjetil Tørstad har vore godt i arbeidet fram mot opning.

– Det er eit heilt rått lokal vi har fått i Ryfoss. Dette vert ein fantastisk stad for både born og vaksne i åra som kjem. Kodeklubb startar opp allereie frå neste veke med opplegg tysdagar og torsdagar annankvar veke via kulturkontoret i Vestre Slidre, fortel Heiene.

Skaperkraft Valdres etablerte seg som eit samvirkeforetak i sommar og Jokerspace er det fyrste store prosjektet dei har landa. Foretaket har fått på plass ein del av finansieringa frå Oppland Fylkeskomune og Valdres-kommunane, samstundes jobbar dei no aktivt for å få inn private bidrag.

- Det er godt å koma skikkelig i gang no. Målet vårt her og vidare framover med Skaperkraft Valdres er at vi «uavhengig av alder, bakgrunn og bransje - skal la folk utforske det ukjente, kjenne det tradisjonelle og med det skape nye moglegheiter»,avsluttar Heiene.

Program for opninga


10:00 
Opningsseremoni med kaffe saft og kaker 

10-12
 Aktivitetar for born, unge og vaksne. - Koding av Micro:bit og LEGO Mindstorm 
Koding på Scratch 
Design og trykk di eiga T-skjorte (1. er gratis.)
 Design og skjær ut din eigen lille boks i kryssfiner (1. er gratis) 
Demonstrasjon av micro:bit-drona Air:bit. Ta gjerne med eigen datamaskin om du vil.

12:00
 Innføringskurs i 3D-printing: Frå enkelt design til ferdig print.
Ta med eigen PC med installert programvare LES HER

14:30
 Vidare kurs i 3D-printing: Vedlikehald, problemløysing og meir om modellering

Du kan bidra

Jokerspacen er også eit dugnadsprosjekt der bygda stiller opp med innsats, gåver og duppedittar som aukar bruksverdien av plassen.

Pr. no er dette på lista over ynskjer ved oppstarten (Ta kontakt med Gudbrand Heiene på 41 33 54 96 eller gudbrand.heiene@vestre-slidre.kommune.no om du kan bidra)

Hjelp til

Vask etter byggeprosessen (helst før laurdag)

Kakebaking til opninga

Kaffekoking og servering under opninga

Enkel handtering av datafiler for alle som vil lage seg boks på laserkuttaren

Enkel styring av laserkuttaren (enkelt)

Noko henting av møbler rundt omkring

Av utstyr treng vi fortsatt:
TIL SOSIAL SONE

Komfyr (60 cm)

Sofabord

Kjøleskap

Vannkoker

Kaffetrakter

Oppvaskmaskin

Vannkoker

Vaffeljern

Stekerist

Dekketøy

Serveringsfat

Bestikk

Kjeler og kar og steikepanne

Lysestaker

TIL VERKSTEDENE

Alt av handverktøy til tre, metall og elektronikk

Høvelbenk

Skrustikke

Sirkelsag

Bordsag

Sveiseaparat

Sveisemaske

Bormaskin/bor

Loddebolt

Smergelskive

Pussemaskin

Vanlig symaskin

Industrisymaskin

Andre spannande maskiner

Arbeidsbenk

Skap, skuffer, verktøytavler, hyller og oppbevaringsboksar

Utstyr for flisoppsamling

Skøytekablar

Alt som kan vere til glede og nytte i eit "multiverksted"

Oppdatert liste finn du i denne facebookposten.