IMG 6062
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Juleavslutning for Vang klatreklubb

Juleavslutning for Vang klatreklubb

30. desember 2023
Rett før juleferien arrangerte Vang klatreklubb gjev juleavslutning for dei aller minste i klatreveggen!

- Det er klart me må ha juleavslutning, det er jo kjempestas! Det er viktig å vise at me sett pris på barna som er med og klatrer, seier Linda Jevne, leiar for Vang klatreklubb 

Med nisseluer, røde kinn og spenst i beina er det rimelig god kok i Vangshallen denne kvelden. Høgt og lågt, opp og ned, hit og dit; julestemningen er til å ta og føle på! Denne mandagen før jul er det nemleg juleavslutning på barneklatringa. 

- Me ønskja å gje noko tilbake til dei som er her og klatrar ofte. Norsk klatreforbund og Intersport Filefjell har vore med og sponsa dei ulike, flotte premiane. Det er me veldig takksamme for, seier Jevne. 

- No gler me oss til eit nytt klatre-år med fleire trivelege kvelder i klatreveggen, smiler ho. 

Du kan lese meir om Vang klatreklubb her, og sjå når dei har sine aktivitetar.

 

Ta deg ein titt i julealbumet nedanfor og sjå om du ser nokon du kjenner!