Julegatøfning byr på julestemning i store posjonar. Foto: Sven Ingar Moen
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Julegata i Ryfoss opnar fredag

Julegata i Ryfoss opnar fredag

26. november 2019

«Julegafteøfning i Føsse» er ein folkefest med ungane i sentrum som markerer starten på adventstida. I år er det fredag 29. november frå klokka seks det skjer. 

-  Starten vil i år bli ved Joker`n – der ei avduking vil skje aller fyst. Deretter ruslar me bort til scena i sentrum, også vil treet, samt lyslenkene over vegen bli tent, fortel Inger Kongslien Tveit frå arrangørgjengen.

Så er det klart fort Nissemarsj, der runda går til Putten, byggefeltet og nedatt i sentrum.

– Der vil alle dei minste få nissemarsjmedalje. Også kjem sjølvsagt nissen. Han har sekken sin full med gøttepøsa te dei minste, fortel Kongslien Tveit. 

Høre mannskor kjem også i år, og vil gje maksimal julestemning denne kvelden. Julegløgg og peparkaker blir servert ute ved bålpanner.

– Så håpar me på like godt oppmøte i år som tidlegare år!! Alle er hjartleg Velkomne! Mø gleda us. Helsing Høre Røde Kors, Ryfoss Vel, Høre/Ryfoss il, YX Ryfoss, Joker`n, Annema frisør, Ryfoss treningssenter.