Nyheit

Julegata opnar i Ryfoss

  Nyheitsarkiv
24. nov 2014
Gode tilbod og mykje moro

Godt samarbeid mellom handel og foreiningsliv syter for eit solid program på årets julegateopning i Ryfoss fredag 28. november.

– Med utruleg bra oppmøte dei siste åra er dette ein kveld mange gledar seg til! Sleke arrangement er moro å arrangere, fortel Inger Kongslien Tveit i arrangørgjengen.

Klokka 18:00 er det nedtelling til lystenning både på juletreet, dekorasjonar i begge endane av gata, samt stjerna oppå Utsikten.

– Deretter blir det Nissemarsj med faklar, der me går ei runde til Putten, byggefeltet og nedatt i sentrum. Der vil alle dei minste få nissemarsjmedalje. Også kjem sjølvsagt nissen. Han har med sekken sin med gøttepøsa te dei minste. Høre mannskor kjem også, og vil gje oss maksimalt julestemning denne kvelden, informerar Tveit.

Butikkane held ope til 20:00 med gode tilbud hjå alle, peparkaker og gløgg. I år som i fjor er det også julequiz med fine premiar.

Andre tilbod denne kvelden:
  • Frisørsalongen har dropp inn frå kl 1600 – 2000.
  • På treningssenteret er det gratis trening for alle. «Spasenga» er også gratis.
  • Belindas hud og velvære stiller inne på frisørsalongen, der ein kan bestille time.
  • Frå kl 2100 er det varmt og godt på Utsikten. Der bli det kos og tullprat for dei vaksen..
  • Nytt i år er at det er vorte to fotografar i Ryfoss, i det me kalla Garstadbygget (gamle butikken til Olav Garstad). Dei har ikkje anledning til å ha ope på fredagen, men Christine S. Stokkebryn held ope laurdag 29. november kl 0900-1300 og har knallpris på julefotografering.

Høre Røde Kors, Ryfoss Vel, Høre/Ryfoss il, YX Ryfoss, Joker'n, Annema frisør, Ryfoss treningssenter, Belindas hud og velvære og fotograf Christine og Cathrine er alle delaktige i arrangementet.