406563229 740562288107831 6996293336586574198 N
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Julegåveinnsamling hjå Vang frivilligsentral

Julegåveinnsamling hjå Vang frivilligsentral

04. desember 2023
Vil du bidra med julegåver til Vang mottakssenter og Vang læringssenter? Sjå hit!

Frivilligsentralen samlar inn julegåver til born på Vang mottakssenter og Vang læringssenter. Vil du bidra?
Vi ønskjer gåver som ikkje er pakka inn, så vil styret i frivilligsentralen pakke og fordele gåvene på best mogeleg måte. Vi ønskjer gåver til både jenter og gutar, frå 1 til 17 år.

Vi tar i mot gåver til og med laurdag 16. desember, i opningstidene til biblioteket og frivilligsentralen. På førehand takk!