_DSC7713.jpg
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Julegåver til alle

Julegåver til alle

18. desember 2019

Frivilligsentralen i Vang syter for at alle born og unge flyktningar i Vang får gåve til jul.

Det er roleg morgon på Vang folkebibliotek i førjulstida. På bordet er strikka sokkar, teiknesaker, leikebiler, kosebamsar og mykje, mykje meir. Rundt surrar styret i frivilligsentralen og gode medhjelparar for å fordele alt det flotte til julegåver.



– Vi har hatt dette opplegget kvart år sidan 2015 etter initiativ frå Elisabeth Sparstad. Det er utruleg triveleg å sitte på frivilligsentralen i førjulstida – det kjem nokon innom med gåver nesten kvar dag, fortel dagleg leiar ved sentralen, Marte Tangen.

Alle under 18

Det er alle under 18 på mottaket og dei som går på introduksjonsprogrammet som får gåve via ordninga.

– Det er heilt sikkert fleir som burde fått men vi har ikkje funne nokon god måte å «rekruttere» dei på, så vi har valt å gjere det på denne måten.

Mange stiller opp

Det er altså fjerde året med julegåvedugnad i Vang, og oppslutninga vert berre betre og betre.

– Vi er veldig fornøgd med opplegget, vi får rikeleg med gåver så vi kan lage pakker med både klede og leiker til kvar mottakar, fortel Tangen.



Nokon av det som kjem inn er pent brukt og fortener ein ny eigar, mens mange har kjøpt nye ting for anledninga eller strikka noko flott.


– Nokon kjem saman med ungar som har vore i leikebutikken og valt seg ut noko dei vil gi bort, det er stor stas å oppleve gjevargleda hjå alle.

Julekvelden kjem tidleg på Vang mottakssenter i år der alle barnefamiliane vert samla i barnebasen ein dag nærmare jul for gåveutdeling.

Ho vil elles sende ein stor takk til alle som har bidrege med gåver i år eller tidlegare år.