4617D7BA 2099 4220 8532 99A1569302B0
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Julegrantenning på Åsvang

Julegrantenning på Åsvang

25. november 2021
For femte år på rad inviterer Fjellblom musikklag store og små til julegrantenning på Åsvang.

Og som alle gongane før, går juletrefoten for eigen maskin, bakmontert på Jon Lerhol sin gråtass og med Iren Vengel Remmen sin nisse på førarsetet.

Fjellblom musikklag trossar dei melde kuldegradane og held utandørs konsert, mens publikum kan varme seg på gløgg med noko attåt.

Det går også rykter om at ein slektning av nissen på traktoren vil dukke opp med litt munngodt til dei minste.

Så, vel møtt onsdag 1. desember kl 18.00 på Åsvang. Det blir topp julestemning!