Fullsizeoutput 17Cc
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Julekonsert i trygge rammer

Julekonsert i trygge rammer

08. desember 2021
Det blir julekonsert i Vang kyrkje 10. desember med Silver Belles & Vener, på tross av nye nasjonale korona tiltak. Festivalsjef Sigrid Skjerdal forsikrar om ein trygg og stemningsfull kveld i kyrkja.

- Julekonserten med Silver Belles er ein super moglegheit til å få ein førsteklasses musikkoppleving i trygge omgivnadar, og vere saman med med andre med god avstand og god plass i Vang kyrkje. Vi kjem til å selje maks 70 billettar, så det blir god plass for alle, seier Sigrid Skjerdal, festivalsjef for Vinjerock. 

Silver Belles kjem til å spele nydelige tolkningar av både Joni Mitchell, klassiske julesongar og eigne låtar. 

- Vi har fått klarsignal frå kommunen til å gjennomføre innanfor myndigheitene sine anbefalingar, og vi tek alle nødvendige tiltak, fortel festivalsjefen. 

Ho oppmodar publikum om å kjøpe billett på førehand, for å minske kontakt ved inngang. Hald deg heime om du har symptom, test deg, hald fram med god handhygiene, hald avstand og host/nys i albogen.

- Vi ønskjer alle velkomne til ein trygg og fin julekonsert i Vang kyrkje, smiler Skjerdal. 

Du finn arrangementet på Facebook her.