28DFF4FA ED19 4401 B519 98034DBB7D0C 1 201 A
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Julekonsert med Vang kulturskule

Julekonsert med Vang kulturskule

03. desember 2021
Vang kulturskule inviterer til konsert og skikkeleg julestemning i Vangshallen måndag 6. desember.

Vang kulturskule ynskjer velkommen til julekonsert måndag 6.desember kl 18.00 i Vangshallen.

- Det har vore vanskeleg å samle miljøet rundt og i kulturskulen i desse koronatider, men no freistar vi å samle alle igjen, seier Oddbjørn Skeie, rektor i kulturskulen. 

Det blir barnekor, kunst, dans, piano, hardingfele med meir - så her er det berre å kose seg!

- Vi kjem og til å markere ein lærar som sluttar etter mange års arbeid i kulturskulen denne kvelden, legg Skeie til. 

Fri inngang - full uttelling! Vel møtt til konsert!