Unnamed (20)
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Julelunsj med noko attåt

Julelunsj med noko attåt

08. desember 2020

Denne hausten har Vang frivilligsentral og Vang folkebibliotek invitert til «niste med noko attåt» kvar måndag i lunsjpausen. 14. desember vert det juleversjon med byggrynsgraut og varm drikke.

Her har både pensjonistar, andre heimeverande, og folk som jobbar i området, møttest over nistepakka og ein kaffikopp.

Dei fleste måndagane har det vore små kulturelle innslag – vi har mellom anna fått vakre tonar frå både Kari Hagaseth og Dominik Smith-Philipp, Maren Kvale og Jan Sparstad har fortalt frå ‘gamle dagar’, og Jon Eggen har lese Kjell Aukrust, for å nemne noko. Andre gonger har den gode samtalen stått i fokus.

14. desember blir det ei lita juleavslutning. Då stiller Frisklivssentralen opp og serverer byggrynsgraut og varm drikke. Kanskje blir det óg musikalske innslag?

Alle er velkomne desse måndagane kl 11.30, og vi held fram over nyttår - for dette har blitt ein triveleg møteplass!

Vi er stort sett såpass få at ein ikkje treng påmelding, men 14.12 ønskjer vi beskjed for å kunne lage mat i passe mengder.

Ta kontakt med frivilligsentralen på 46 81 64 73 eller frivilligsentralen@vang.kommune.no seinast kl 9 same dag.  

Alle må følgje gjeldande smittevernreglar, og halde avstand, ha god handhygiene, og ikkje møte om dei har luftvegssymptom.