4FEEFB51 3963 4EA4 831A 0CC3C6599241
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Karina Nyborg grip sjansen i Vang

Karina Nyborg grip sjansen i Vang

25. september 2022
Karina Nyborg (25) frå Sømna har tatt med både kunnskap og flyttelass sørover, og har no landa stødig som ny fysioterapeut i Vang!

- Kombinasjonen av flott natur, gode turmuligheter, og ikke minst en spennende og variert jobb fanget interessen min. Etter å ha gjort en del research satt jeg igjen med et veldig godt inntrykk av bygda, seier Karina Nyborg. 

I knappe tre veker har Karina vore i bygda, likevel har ho komme godt i gang med jobben som fysioterapeut og har allereie gapa over nokre fjelltopper i nærområdet! 

- Eg trivst aller best i fjellet, så det å bo og jobbe i en fjellbygd passar meg heilt utmerket. Planen var eigentlig å begynne i et vikariat i Alta kommune, men då eg fekk denne moglegheita vart eg kjempeglad, og var ikkje i tvil om å takke ja til jobben, smiler Nyborg. 

 

- Ikkje heilt ukjent for meg 

Frå Sømna til Vang, kystrike til fjellrike, saltvann til ferskvann, og frå ei bygd til ei anna. Forskjellane er relativt store, men likevel føler Karina seg veldig heime når ho er i Vang. 

- Sømna er heller ikkje så stort, det er omlag 2000 innbyggjarar der, så eg er godt vant med å bu i så små samfunn som dette. Det er kanskje difor det føles litt heimekoselig her, i tillegg til den vakre naturen, seier Nyborg. 

- Der eg kjem frå har me og høge fjell og vakker natur, men no er eg klar for nye eventyr og nye turopplevelser, så det blir spennende å utforske vangsnaturen, legg ho til. 

Dei siste åra av utdanninga si har Karina nemleg arbeida i Alta kommune, og på sjukehuset i Tromsø, som ein del av turunsarbeidet. Her har ho opparbeida seg god og brei erfaring frå yrket, som ho vil ha god bruk for no. 

- Turnusperioden har vore velig viktig for å gje meg erfaring og bli tryggare i jobben. Det er veldig verdifullt å ha med i bagasjen når eg no skal byrje som fysioterapeut i Vang. Ein byrjer ikkje heilt på bar bakke sjøl om ein er ny i stillinga, fortel Nyborg. 

- Det er spennande å få så mykje ansvar, heldigvis har eg mange flinke og veldig behjelpelige kollegaer rundt meg. Eg trivst allereie godt i jobben, også er det eit utruleg positivt og inkluderande arbeidsmiljø på jobb. Eg kunne rett og slett ikkje vore meir fornøgd, smiler ho. 

 

Godt med nærheita til naturen 

Ettersom Karina dei sista åra har både studert og budd i storbyar, sett ho ekstra pris på å komme attende til det rolege livet, med utallige turmoglegheiter rett utanfor døra. 

- Eg sett stor pris på å ha naturen så nært i kvardagen, og så lett tilgjengeleg. Det blir veldig fint å bli betre kjent med områdene her i bygda og oppleve andre fjell, seier Nyborg. 

- Så har eg og eit stort ønskje om å bli mykje betre på ski medan eg bur her, det burde vera gode sjanser for det no, ler ho. 

- No gler eg meg mest til å komma heilt på plass og bli endå betre kjent med Vang, smiler Nyborg.

 

Varmt velkommen til Vang og masse lukke til med skitreninga!