Nyheit

Frå kassasjon til kunstoppleving?

  Nyheitsarkiv
30. mai 2016
Kunstmaraton i Vang

 Laurdag 4. juni kan du ta del i ei særegen kunstoppleving i Vang, som kom i stand etter eit aldri så lite «bok-opprør». Heile fire ulike kunstprosjekt opnar denne dagen, alle med basis i bøker.

– Alt saman er inspirert av det kjensleraset som oppstod då eg såg meg tvungen til å kaste dei bøkene det ikkje lenger var plass til i biblioteket, fortel Åsta Brenna, biblioteksjef i Vang.

Meir om prosjektet

PROGRAM LAURDAG 4. JUNI: 15.00: Vang folkebibliotek: Opning av kunstprosjekt laga av Bereket ved Vang Mottakssenter. Trubadur Halfdan Gimle speler. Servering.

15.45: Buss frå biblioteket til garden Haugen (Ellingbøvegen 10).

16.00: Opning av bokprosjekt i det nedlagde fjøset til Marianne Isachsen, som ho i samarbeid med 6.kl på Vang barne- og ungdomsskule har «ominnreia» med kasserte bøker. Slam-poet Fredrik Høyer framfører sitt bestillingsverk «Kva er ei bok ?» (Sjå Fredrik i aksjon her: https://www.youtube.com/watch?v=c69DEvsj-30 )

17.30: Bussen går frå Haugen mot Høresbygden. Bussen køyrer sakte forbi det gamle Samvirkelaget på Neset, der Jan Olav Hemsing syner videoverket «Ord til eld» i vindauga.

18.00: Siste stopp for dagen er garden til Tron Kittelsen med opning av «Bokbeite». Musikalsk innslag ved Ole Kristian Nyhagen.

19.00: Buss attende til biblioteket.

La ikkje denne sjansa til å oppleve unik kunst og ulike uttrykksformer gå frå deg!