1AA513DB C024 40E6 9432 631A29585663
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Katrina og Haldis er nye drivarar ved Kyrkjestølen

Katrina og Haldis er nye drivarar ved Kyrkjestølen

03. august 2022
Katrina og Haldis Kollbotn er nye drivarar ved Kyrkjestølen. Denne veka opna dei dørene for årets fyrste overnattingsgjester denne sesongen!

- Det er veldig kjekt å endeleg vera i gong. Det har i mange år vore ein stor draum å få lov til å drifte ein slik plass, så eg må sei det er veldig stas å få det ærefulle oppdraget, seier Haldis Kollbotn. 

Saman med dottera Katrina har dei no tatt over drifta av Kyrkjestølen og denne veka fekk dei endeleg opne dørene for overnattingsgjestene. I snaut to år har fjellstova vore stengt for trafikk og bevertning, men no skal altså Haldis og Katrina halde støtt ved roret framover. 

- Eg har alltid hatt lyst til å drive noko sjølv, så dette er jo ein unik og flott moglegheit. I tillegg jobber eg fast ved Filefjellstuene, så eg reiser litt att og fram om dagane, men det går veldig fint, smiler Katrina Kollbotn. 

 

Møter mykje spennande mennesker 

Det er omlag eitt år sidan Katrina ringte til Haldis for å fortelle at Kyrkjestølen hadde behov for nye drivarar. Frå den gong har det gått slag i slag, og ved påsketider fekk dei veta at det var dei to som no skulle overta drifta av den sjarmerande fjellstova midt på fjellet. 

- Eg har i tillegg kjøpt med hytte her i nærområdet, rett ved sidan av Kyrkjestølen faktisk, så det er veldig praktisk no som me må være i nærleiken heile tida, smiler Haldis. 

Ho arbeider til dagleg som sjukepleiar ved Haukeland sjukehus, men har alltid hatt ein draum om å få jobbe i reiselivsbransjen. 

- Det er nok min veg inn i dette, eg er ein reiselysten person som alltid har likt å treffe nye, spennande mennesker. Eg er fra ein liten bygd sjølv, og om sumaren når heile verden kom til oss var det stor stas, og utruleg leit når dei dro igjen. Så dette ligg nok litt i min natur, ler ho. 

Katrina har bodd på Filefjell ein god stund no og er godt kjent i område, i tillegg jobbar ho til dagelig ved Filefjellstuene. 

- Eg synes det er kjekt at me to får arbeide i lag, me forstår kvarandre godt. No føles det godt å ha komme i gong og få lov til å møte alle spennende mennesker, seier ho. 

 

Ikkje full sesong i år 

Vanlegvis varer sesongen på Kyrkjestølen frå midten av juni til omlag midten av september. Slik blir det ikke i år. Denne sesongen blir ein litt mjukare start for dei to nye drivararane av fjellstova.

- I år blir det litt annleis, men det er fint med litt tid til å komme ordentlig i gong med rutiner og drift. I tillegg venter me på serveringsløyve, slik at me kan halde gjestene med mat og drikke medan dei er her, fortel Haldis. 

- Slik det er no ordnar gjestene seg med mat sjølve. Men me har fått til eit tilbod der Katrina kan kjøre dei som vil, bort på Filefjellstuene for middagsservering. Det ser ut til å fungere godt no, legg ho til. 

No ser dei to nye drivarane fram til å huse endå fleire overnattingsgjester i dei sjarmerande og vakre omgjevnadene. 

- Me ynskjer jo at det skal vera folksomt her og at folk skal trives under oppholdet sitt hjå uss. Folk skal ha hatt ein flott opplevelse etter å ha vært på Kyrkjestølen, seier Haldis.