Fl-gstad-Kjartan_Foto-Julie-Pike.jpg
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Kjartan Fløgstad til Vang

Kjartan Fløgstad til Vang

16. april 2018

Onsdag 25.april vert Kjartan Fløgstad bokbada av Kirsti Baggethun på Vang folkebibliotek klokka sju på kvelden.

Ho har oversett fleire av bøkene hans til spansk og kan difor mykje om has forfattarskap som består av dikt og essay.Han er ein av dei mest omtykte og prislønte forfattarane i nyare norsk litteratur. I diktinga så vel som i sakprosaen har han brote ned skiljet mellom høgt og lågt, og med den fabulerande romankunsten sin har han endra synet på kva norsk litteratur er og kan vere.

Kjartan Fløgstad debuterte med diktsamlinga Valfart i 1968 med slo gjennom med boka Dalen Portland. Han studerte opprinneleg arkitektur ved Noregs Tekniske Høgskule i Trondheim, men skifta snart til litteratur- og språkvitskap ved Universitetet i Bergen.

Fløgstad var ei tid industriarbeidar i heimbyen, og blei så «greaser» på eit norsk lasteskip i internasjonal fraktfart. I si tid som sjømann reiste han i ulike delar av verda, spesielt i Latin-Amerika, og erfaringane frå dette enorme kontinentet skulle få ein vesentleg innverknad på forfattarskapen.

Totalt har han skrive om lag tjue romanar og ei lang rekke essaysamlingar, dikt, skodespel og biografiar. Han har mellom anna fått Aschehougprisen, Nordisk Råds litteraturpris, Kritikerprisen, Noregs Mållags pris, Brageprisen og Gyldendalprisen. I 2008 fekk han Brages hederspris.