7D60C6FF AFA1 46C2 A2B1 A98F4ED19D36
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Klart for førjulsmarked i Øye

Klart for førjulsmarked i Øye

14. november 2022
Ingen førjulstid utan førjulsmarked i Øye! Denne helga er det nok ein gong klart for marked i Øye samfunnshus.

Tradisjon tru er det klappet og klart for førjulsmarked i Øye denne helga, både laurdag og sundag vanker det gode moglegheiter for lokal sjåpping!

Som alltid finn du eit bredt utval varer på markedet. Alt frå lokalprodusert mat, diverse treprodukt, strikk, vev, bøker, keramikk, sjokolade med meir. Det skulle med andre ord gå an å finne årets julegaver denne helga. 

Det blir som alltid sal av lapper og kaffe til inntekt for Torsheim grendehus. 

Førjulsmarkedet er ope både laurdag 19. november og sundag 20. november frå 11.00-16.00.