Alle nivå er hjartleg velkomne til fotballturnering på Tveit stadion.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Klart for fotballturnering på Tveit

Klart for fotballturnering på Tveit

04. september 2019

Sundag 15. september kl 12 braker det laus når årets fotballturnering i Vang går av stabelen på Tveit stadion! 

Vi speler som alltid med 7-erlag, kvinner og menn skulder ved skulder, og vinnarlaget får den gjeve vandrepokalen – eit nydeleg rosemåla mjølkespann. FK Vang står for kampoppsettet, Elisabeth Øraker er årets speaker, det blir kiosksal, og Vang mottakssenter og Vang frivilligsentral serverer grillmat.

-Vangivaldres Taxi er påmeldt med lag, mottaket stiller som alltid, 'The Outsiders' skal forsvare pokalen og 'Gutta FK' er ferske utfordrarar! I tillegg har vi fått påmelding frå eit førebels namnlaust lag som vi er veldig spente på, fortel Marte Tangen hjå Vang frivilligsentral.

 Det er framleis plass til å melde på lag – send ein epost til frivilligsentralen@vang.kommune.no.

– Og så er sjølvsagt også publikum hjarteleg velkomne på kampdagen! Dette blir ein folkefest som alltid – i fjor måtte vi dessverre avlyse grunna dårlege vêrutsikter så i år håper vi på strålande sol og stinn brakke på Tveit, avsluttar Tangen.