438171450 1187972532619193 2929082827429384707 N
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Klart for grålysing i Gamle Kvam

Klart for grålysing i Gamle Kvam

10. juni 2024
Fredag 14. juni er det nok ein gong klart for Grålysing i Kvam. Denne unike opplevinga vil du ikkje gå glipp av!

- Dette er andre gongen me arrangerer grålysing i Kvam, og me gler oss veldig til å gjenskape stemninga som var i 2019, smiler Jørgen Andrisson Kvam. 

Denne gongen er målet å koma seg gjennom alle felestillene ein har hatt i tradisjon på hardingfele. For å få til dette vil det bli dansespel gjennom heile natta, frå solnedgang til soloppgang. Som ein del av arrangementet blir det også tre lydarlæte-konsertar med Sivert Holmen og Syver Rolandsgard Hauge. Det blir dansespel med fleire spelemenn som blir offentleggjort etter kvart.

- Ein treng korkje kunne danse eller spele noko som helst for å ta turen til Kvam denne kvelden. Her er alle velkomne til å ha ein triveleg kveld, seier Jørgen. 

Arrangementet finn plass på det gamle tunet til garden Kvam. Tunet har historisk sus beliggende langs kongevegen i Vang i Valdres og på tunet finn ein i alt ni hus frå rundt 1780 til 1860 åra. Her var det også lensmannsbolig og tingplass.

 

Harde fakta

Ta med ulltøy, feler og dansesko og førebu deg på ei oppleving for livet. Arrangementsstart 20.00. Konsertar kl. 21.00, 23.00 og 01.00.

Dansespel kontinuerleg i tidsrommet 21.00 - 04.00 - Dansen foregår på uteplatting, men blir flytt inn på låven ved dårleg vér.
Ta med telt eller hengekøye for overnatting. Ein kan også ta med liggeunderlag/madrass og overnatte på låven.

Sal av mat og drikke utover kvelden og natta!

Billettar: 275kr for vaksne, Ung Inn (13 - 21 år. Sjå unginnlandet.no/ungdomsordninger/unginn) 125kr, og gratis for dei under 13 år. Billettsalget har opna!

Velkomen!

Arrangørar: Hilme året rundt og Gamle Kvam