Nyheit

Klart for Jotnerock

  Nyheitsarkiv
09. jan 2015
Arrangert sidan 1998

Lokale heltar frå Vang, Øystre Slidre og Årdal deler scene med den platinaseljande rap-duoen «Robin og Bugge» under årets Jotnerock på Torsheim 16. januar.

– Vi vil stå fram som eit rusfritt arrangement, og vi gjer tiltak som minskar sjansane for at dei unge skal få i seg alkohol medan dei er her. Eg kan med handa på hjartet seie til foreldra at dei ikkje behøver å bekymra seg, seier helsesyster i Vang kommune, Tone Lajord, til Avisa-valdres. Ho har eit stort førebyggjande apparat i gang under Jotnerock. Bård Høston frå Politiet bidreg i det rusførebyggjande arbeidet.

Årets artistar er det som alltid ungdomsrådet i Vang som har bestemt. Her er lista:

– NAV med medlemmar frå kulturskulen i Vang.
- The Rebels som består av ungdom frå både Øystre Slidre og Vang.
– System of six frå Årdal.
– Robin og Bugge. Sikkert ukjend for dei fleste vaksne, men rapduoen har solgt til platina for førre plata si og gjort hundrevis av konsertar rundt om i landet.

Alderesgrensa er 13 år. Det går buss frå Fagernes 18:30 med retur til Fagernes om lag ved midnatt.

Sjå bilete frå fjorårets arrangement i denne reportasjen.