Julegatøfning byr på julestemning i store posjonar. Foto: Sven Ingar Moen
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Klart for «Julegateøfning i Føsse»

Klart for «Julegateøfning i Føsse»

09. november 2018

«Julegafteøfning i Føsse» er ein folkefest med ungane i sentrum som markerer starten på adventstida. I år er det fredag 30. november frå klokka seks det skjer. 

Det nærmar seg advent, og mø i  arrangørgruppa har planlagt den tradisjonelle julegateøfning i Føsse.

– Arbeidsoppgåvene flyt ganske så lett blant handelsfolket og dei frivillige laga no, etter rimeleg mange år med dette. Når alle stiller og gjer sin dyst, er det berre moro å vera med, fortel Inger Kongslien Tveit i arrangørgjengen. 

Kvelden er fredag 30. november 2018 frå kl 1800 og alt vil skje ved scena i sentrum. 

- Fyrst er det nedteljing som før, og alle lys blir tent. Kanskje blir det meir lys i år??  Deretter Nissemarsj med faklar, der me går ei runde til Putten, byggefeltet og ned att i sentrum. Der vil alle dei minste få nissemarsjmedalje. Også kjem sjølvsagt nissen. Han har med sekken sin med gøttepøsa te dei minste. Høre mannskor kjem også i år, og vil gje oss maksimalt julestemning denne kvelden, fortel Tveit. 

Butikkane held ope til klokka åtte med gode tilbod hjå alle. Det vert julegløgg og peparkaker ute ved bålpanner. 

- Og tradisjonen tro har me jule-quiz – eit jule-spørsmål hjå alle og det er fine premiar.

Ellers har frisørsalongen dropp inn frå kl 1600 – 2000, mens Sara`s kafe er open til kl 2000 og har tilbod på minipizza.

– Me håpar på like godt oppmøte i år som  tidlegare år! Alle er hjarteleg velkomne, understrekar Tveit. 

Høre Røde Kors, Ryfoss Vel, Høre/Ryfoss il, YX Ryfoss, Joker`n, Annema frisør, Ryfoss treningssenter, Sara`s kafe og Belindas hud og velvære står bak arrangementet.