E85E6803 1799 490A AA06 50DF5EBB1FE5
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Klart for nye ungdomsentreprenørar i Vang

Klart for nye ungdomsentreprenørar i Vang

21. januar 2022
Nye gründere og nye idear skal spire og gro når niendeklasse ved VBU no skal i gong med ei ny runde av Ungt Entreprenørskap!

Idémyldring, tankespinn, nytenking og problemløysing. Det er vel fyrste tegn på at ei ny runde med elevbedrift er i gong ved Vang barne - og ungdomsskule? Stemmer! Eit nytt kull med niende klassinger er klare for å finne opp si heilt eigne bedrift. 

Denne veka var Inger Torill Holte Breien fra Ungt Entreprenørskap på besøk hjå elevane for å gje dei ein aldri så liten kick off, og innføring i kva dei har i vente dette skuleåret. Ingebjørg Blomlie Müller frå Vinjerock var også på plass for å gi elevane ei god dose med lokal inspirasjon. 

Ungt Entreprenørskap er sjølve brobyggjaren mellom skule og arbeidsliv. Elevbedrift gjer elevane innblikk i korleis ein bedrift er bygd opp, korleis den driftes - ja, til og med kjenslen av å vera gründer! 


Dei gode ideene 

Tida dei skal inn i no handlar om å sette saman dei ulike laga, og deretter finne ut kva dei ynskjer å halde på med. Holte Breien var svært klar i sin tale til ungdomen; 

- Finn det dykk synes er artig, motiverande og det de brenn for. Det er då det blir artig å drive sin eigen bedrift. Ikkje vask vindauge, hvis det ikkje er det dykk brenn for, smilte ho. 

- I tillegg er det ein styrke at de er forskjellige personligheter på laget. Då utfyller de kvarandre og er gode på forskjellige ting, det er heilt perfekt og oppskriften på eit godt team, la ho til. 

- Hugs på at det er sjølve læringa i opplegget som er viktig. De blir mange erfaringar rikare etter dette, fortel Holte Breien. 

I løpet av våren skal elevane få hjelp til ideene sine via ein IdeLab, der ulike representanter frå næringslivet skal gje bedriftene tilbakemelding på bedriftsideen, og veilede vidare. Bærekraft står også i sentrum, og bedriftene er naud til å velje seg nokre av bærekraftsmål å fokusere på. 

Dei skal også få presentert ulike bedrifter i Vang og korleis dei jobbar, og Innovangsjon skal blant anna ha eit kurs i markedsføring for elevane. 

Me gler uss til å følgje årets kull med nye gründere - det er tross alt desse som er framtidas Vang!