Sommarles 2020
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Klart for Sommarles 2020

Klart for Sommarles 2020

27. mai 2020

Også skulestartarne og foreldre får vera med på årets Sommarleskampanje i regi av Vang folkebibliotek.

Det heile startar 1. juni og varar heilt til 31. august for alle opp til 7. trinn. Ein kan både registrere seg på nett eller køyre analogt via eit lesekort ein kan plukke opp på bilbioteket. 

– På nettsida kan barna lage ein brukar, registrere bøkene dei les og få poeng. Der får dei også lesetips og tilgang til den spesialskrivne forteljinga «Astrid og Asbjørn på djupt vatn» av forfattar Mari Moen Holsve, fortel Juliana Alexandra Bonin hjå Vang folkebibliotek. 

Målet med Sommarles er at barna skal lese så mykje som mogleg i sommarferien. Barna blir ​premierte​ for innsatsen sin med digitale trofé på profilen sin, og med fysiske premiar som kan hentast på Vang folkebibliotek.

– Steiner, haitenner og ammonittar er blant premiane i år som kjem rett frå havet. Dei gamle favorittane, buff og silikonarmband, er også å finne i premieeska vår, fortel Bonin.

Sommarles er for alle -  superlesarar, middels gode lesarar og dei som er i ferd med å lære seg å lese. Dei som treng hjelp treng ikkje lese sjølve, dei kan høyre på lydbøker eller lesast høgt for.

Har du spørsmål eller vil du hente premiar - kontakt biblioteket via biblioteket@vang.kommune.no // 613 69 426