Ralph Høibakk (83), Øystein Opdal og Anders Opdal (82) på toppen av Falketind tysdag 14. juli.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Klatrelengender på Falketind

Klatrelengender på Falketind

16. juli 2020

Både klatrelegender i 80-åra, eit NRK-team og fleire andre taulag var på Falketind tysdag for å markere 200 år sidan fyrstebestigninga. 

Vangsgjeldingen Anders Opdal (82) og klatrenestor Ralp Høibakk (83) var nok med si bestigning det desidert eldste klatrelaget på toppen nokon gong.

Dei fekk fylgje av NRK til toppen som laga ei grundig reportasje om både jubileumet og sjølve turen. (Sjå foto frå turen over her. Alle foto: Øystein Opdal)

Det har elles vore både miniseminar, festmiddag og fleire andre turar i høve 200-års markeringa av fyrstebestigninga av Falketind.