Fullsizeoutput 1705
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Knallsuksess for Lilly´s Hud - og kroppsterapi

Knallsuksess for Lilly´s Hud - og kroppsterapi

12. oktober 2021
På kort tid har Lillian Sparstad (22) gjort Lilly´s Hud - og kroppsterapi til ein knallsuksess i heimbygda. Med fulle timelister, faste kundar og stor etterspørsel har ho allereie planar om å utvide bedriften.

- I utgangspunktet var planen at eg skulle drive Lilly´s i nokre månader mens eg var permittert frå jobben i Oslo. Eg hadde ingen tankar om at det skulle bli slik som dette, smiler Lillian Sparstad (22), dagleg leiar for Lilly´s Hudpleie. 

No driv ho hudpleiesalong i Vang så det susar! På under eitt år har ho etablert seg stødig i lokalene i sentrum, fått eigen heimeside med eiget bookingsystem og har allereie framtidsplanene klare. 

- Eg sett så utruleg stor pris på kundane mine, det er dei som er årsaka til at eg sitt her i dag, og kan leike med tanken om å utvide bedrifta på sikt. Det tek eg verkeleg ikkje for gitt, kvar einaste ein som er innom salongen - er så betydningsfulle, seier Sparstad engasjert. 

 

Kundar i alle aldersgrupper 

Då Lillian starta opp hudpleiesalongen for snaut eit år sidan var ho aldri i tvil om at det var liv laga. Likevel er ho overraska over kor mange som benytter seg av tilbodet. 

- Eg har kundar i alle aldersgrupper, heilt frå ungdomsalder til langt over 80 år, det er heilt fantastisk at eg når ut til ein slik brei kundegruppe, seier Sparstad.

- Det har faktisk kome kunder heilt frå Hedalen og opp hit, berre for ein hudpleietime, ler ho. 

Lillian jobber turnus på hudpleiesalongen i Vang. Ho sjonglerer eigen bedrift med ein 50% stilling som hudpleier i Oslo. Det beste av to verdener meiner ho sjølv. 

- Eg synes det fungerar heilt topp! Det er alltid godt å kjenne litt på bylivet og få litt andre impulser, men så kriblar det alltid i magen når eg skal heim og møte kundane mine igjen, smiler Sparstad. 

Tilbakemeldingane frå bygda har vore over all forventning og Lillan føler ho har fått stor tillit blant vangsgjeldingane. 

- Eg er opptatt av at alle som kjem innom skal føle seg sett og hørt. Eg prakkar ikkje på folk produkt, men kjem med rådgjeving og lar kunden sjølv bestemme, understreker Sparstad. 

 

Klare tankar om framtiden 

Sjølv om bedriften til Lillian ikkje er fylt eitt år endå, har ho allereie planar for framtiden og tankar om korleis ho ynskjer bedriften skal fortsette. 

- Eg har jo eit ynskje om å på sikt kunne utvide bedriften. Fyrst kunne eg gjerne tenkt meg å ansette ein dyktig kollega her i Vang, det hender eg savner ein partner å kaste litt ball med eller sparre med, smiler Sparstad. 

- Tanken på sikt er å kunne starte opp ein hudpleieklinikk i Oslo eller Bærums området, der eg er dagleg leiar på begge plassar. Det er sjølvsagt langt att dit, men det er viktig å sette seg mål og jobbe etter dei, legg ho til. 

- Eg er skrudd saman slik at det alltid må skje noko, eg likar ikkje om det blir for stille og eg må alltid ha noko å både jobbe med og strekke meg etter, smiler Sparstad. 

Du finn Lilly´s hud - og kroppsleie sin heimeside her og om du ynskjer å booke time klikkar du her