D6B2DDFF 680D 4898 9689 AD0D5BAD7FA0
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Kom deg ut-dagen på Åsvang

Kom deg ut-dagen på Åsvang

24. januar 2022
Vang turlag gjentek kjempesuksessen og arrangerar Kom deg ut-dagen med aktivitetsdag for heile familien på Åsvang.

Kom deg ut-dagen saman med DNT er Norges nasjonale turdag, og over heile landet inviterer dei lokale turlaga til aktiviteter for store og små denne søndagen. Her er formålet at alle skal komme seg ut, og ha ein fin og aktiv dag utandørs! 

Vang turlag arrangerer sjølvsagt også Kom deg ut-dagen! Forrige gong dei arrangerte aktivitetsdag kom det om lag 70(!) personar. No gjentek dei suksessen og arrangerer ein artig dag i gapahuken ved Åsvang, søndag 6. februar klokken 12.00.

Planen denne dagen er å grille pølser, servere saft og kaffe og sjølvsagt leike! Gapahuken på Åsvang er eit supert aktivitetsområde, så frileik for ungane høver seg verkeleg her, ta difor med både akebrett og ski om du vil!

Me krysser fingrene for snø og gode forhold, så dagen blir like bra i år! Sjølvsagt med atterhald om korona-restriksjonar.

Klokken 14.00 er det årsmøte med vanlege årsmøtesaker. 

For meir informasjon kan du klikke deg inn på arrangementet på Facebook.