1899800_845297495483286_3307416621555392583_o.jpg
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Kongevegløp og familiedag på Filefjell (1)

Kongevegløp og familiedag på Filefjell

23. juni 2015

Det nystarta «Kongevegløpet» og aktivitetar gjennom heile dagen er hovudingrediensane for årets familiedag på Filefjell.

– Vi har leigd inn «tråsykkelbane» frå motorikkparken i Lærdal. Saman med Kongevegløpet er dette årets største nyheit på familiedagen, fortel Yvonne Solemsli Mæland i arrangørkomiteen.

Ponni-riding, kopplam, bil og boge, ansiktsmåling og bruskassestabling er nokre av dei andre aktivitetane under dagen. Kven klarer å sjå fjorårets bestenotering på 21 kasser?

– Alt er gratis! Vi ynskjer å arrangera ein fin dag for store og små utan at nokon lyt tenke på at ting kostar pengar, fortel Solemsli.

Også droneshow, demonstrasjon av el–syklar, politisk dragkamp (med tau) og kasting med floge er andre punkt på programmet.

Kongevegløpet får frå frå Gamle skulehuset i Øvre Dalen og opp til Filefjellsenteret. Turgruppa startar kl 11.00 og aktiv gruppe startar kl. 12.00. Her vert det fine premier i aktiv klasse (dame/herre– og junior– lasse)og trekkepremiar på startnummer for alle.

Påmelding til Intersport Filefjell inne kl. 10.00 same dag.

– Vi ynskjer gjerne å sjå fleire lokale frå bygda, då det ikkje er så mange av dei lokale som har tatt turen til fjellet før om åra. Oppmøte frå hyttegjester og folk frå Årdal og Lærdal har heldigvis vore godt, noko vi håpar det held fram med i år, avsluttar Solemsli.