Nyheit

Camilla Granlien til Kongevegopning i Gamle Kvam

  Nyheitsarkiv
23. aug 2016
Gamle Kvam gard er arena for opninga av Kongevegen over Filefjell laurdag.
Opning av kongevegen laurdag klokka 16

Fyrstkomande laurdag vert det offisiell opning av Kongevegen over Filefjell i Gamle Kvam gard. Vandring, konsert og mat står på programmet.

– Klokka 16 byrjar det vandring langs Kongevegen frå både Kvamskleiva og Søndrol. Desse møtast i Gamle Kvam der det vert foredrag, bevertning og konsert, fortel rektor ved kulturskulen i Vang, Oddbjørn Skeie.

Over i Lærdal gjer dei seg ferdig med opninga fredag kveld og på formiddagen laurdag.

Fullstendig program

Fredag 26. august
Kl.19.00 Omvisning i Gamle Telegrafen. Guida vandring i gamle Lærdalsøyri. Opent Galleri på Løytnantsbryggja.
Kl. 20.00 Servering og underhaldning i Kvammegården 

Laurdag 27. august, offisiell opning
Program i Lærdal kommune
10.45 Oppmøte ved Rimskjold, nedst i Vindhellavegen
11.00 Offisiell opningsseremoni
12.00 Vandring i Vindhella
13.00 Historisk «Bryllaup» i Borgund Stavkyrkje Snorklypp v/ vegdirektør Terje Moe Gustavsen, talar, underhaldning, lett servering Ragnhild Hemsing og Longhorn spelar Synnøve Bjørseth spelar. Lett servering

Program i Vang kommune

16.00 Vandring frå Syndrol og frå Kvamskleiva mot Gamle Kvam gard.
17.00-19.30 Historisk program på Gamle Kvam gard Føredrag og historiske gjester Konsert med Synnøve Bjørseth, Camilla Granlien og Laura Ellestad Rømmegraut og spekemat
19.30 Vandring attende til både Syndrol og Kvamskleiva.