Nyheit

Full pakke på fredagskos

  Nyheitsarkiv
13. nov 2015
Konsert og dansefest på Åsvang

Konsert, dansefest, superlokal mat – og rykande ferskt juleøl er kva årets siste fredagskos i Vang byr på.

– Vi satsar på ein ekte bygdefest med bra band, skikkeleg dansemusikk og det beste av mat og øl Valdres har å by på, seier Innovangsjonsminister Hallgrim Rogn.

Saman med Valdreskvelven spel– og dansarlag og Vang Frivilligsentral slår altså Innovangsjon på stortromma for årets siste Fredagskos som arrangerast på Åsvang skule fredag 20. november. frå klokka 19:30

Dyktige musikarar

Hovudattraksjon under konsertkvelden på Åsvang er gruppa Good time Charlie. Det er ein gjeng særs dyktige musikarar som er leiande innan sjangeren «rythm and blues» i Noreg.

– Det er ikkje den type musikk du treng å ha høyrt før for å gå på konsert med. Desse har spelt saman i 20 år og leverer knallkonsertar kvar einaste gong, fortel Rogn.

Etter konserten er det fyrst ein økt med gammaldans og bygdedans ved Valdreskvelven spel og dansarlag. Mens Good time Charlie avsluttar kvelden med ei økt dansespel. 

– I fjor var det springar og gammaldanskurs på Åsvang, mens det i haust har vore svingkurs. Det betyr at det bør vera gode moglegheiter for å finne ein som kan lære bort nokre dansesteg om du ikkje er heilt stø i takta sjølv, fortel Rogn.

Valdres-killing på menyen

Aldri ein «Fredagskos» utan også mat og drikke. Av beste slag. Sjølvsagt. Denne gongen er hovudingrediensen av det super-kortreiste slaget.

– Kjekompott er hovudrett. Og den er heilt utruleg god. Kjea er levert via Valdres-killing som fleire av geitebøndane i Liagardane står bak, mens Valdres catering foredlar det vidare til kompott, fortel Rogn.

I tillegg vert det høve for å kjøpe alt av øl frå Små Vesen–byggeriet i Aurdal. Det betyr premiere på den aller fyrste juleølen derifrå, fjøsnisse. Samt rakfiskølen Marmæle, Kveiteølen Vette og Pale-ale varianten Audhumla.

PROGRAM

19.30: Dørane, kranane og matserveringa opnar. Kom gjerne før konsertstart for øl, mat og prat - det er tross alt «Fredagskos».

21.00: Konsert med Good time Charlie

22.00: Dans med Valdreskvelven

23.00: Dans med Good time Charlie

Inngang: 150,–
Kje-kompott: 100,–


Kort/kontant

Salg av øl og anna drikke. Kaffi og kake kjem på bordet utpå kvelden!

Vel møtt :-)