Nyheit

Klart for koseleg fredagspoker

  Nyheitsarkiv
20. feb 2019
Poker og pizza på Fredagskos 8. mars

Pokerklubben i Vang samarbeidar med Innovangsjon og Mjøsvang kafe om ein Fredagskos der kviss er bytta ut med poker.

– Vi er ein god gjeng som spelar uhøgtidleg poker saman fredagar gjennom vinteren. Det er artig og sosialt - eigentleg ein perfekt fredagsaktivitet vi gjerne tek med fleire på, fortel Frank Thune som er aktiv i pokerklubben Grindafjell poker og mjød, samt styremedlem i Innovangsjon.

Fredagskosen vert altså 8. mars med pizzabuffet fyrst og ellers gratis deltaking i turneringa.

– Sjølve turneringa vert både seriøs og uhøgtidleg, akkurat som eit godt pokerlag skal vera. Vi har fleire bord og ein bordvert som går gjennom reglar og følgjer opp kvart bord og syter for at turneringsoversynet er oppdatert på storskjermen. Vi ender opp med eit finalebord og ein vinnar og har planar om stilige premiar, fortel Thune.

Det er påmelding til pizza & poker, men alle har høve til å koma for øl og prat heile kvelden. 

Og ja, hugs å invitere nye vangsgjeldingar om du har fått ein eller fleire nye naboar i det siste. Nye vangsgjeldingar vert presentert i ei pause i turneringa. 

PROGRAM

19:00 - Dørane opnar
19:30 - Pizzabuffet 
20:15 - Pokerturnering

Påmelding til pizza og poker til hallgrim@vangivaldres.no // 412 22 769 innan 6. mars.

CC: 200,- for pizzabuffet.
18 års aldersgrense.


Velkommen!