Nyheit

Kremtomter ute for sal

  Nyheitsarkiv
28. jul 2015
  • Du har full oversikt over Grindadn, 1724 moh., og resten av Vang frå dei nye tomtene.
  • Utteikning av det romslege feltet. Store tomter og særs gode soltilhøve. Trykk på biletet for å sjå det større.
  • Utsyn frå det nye byggefeltet på Åsvang.
Sol, utsikt og god plass

Eit felt med totalt elleve tomter på 2–2,5 mål er no lagt ut for sal på Åsvang. Utsikt og soltilhøve er av aller beste slag og fire av elleve tomter er allereie reservert. 

– Ved sidan av storleiken på tomtene er det nok plasseringa med sol heile året og eit vidt utsyn over Vang som er det aller beste med desse tomtane, meiner grunneigar, Nils Harald–Heen.

Tomtane ligg sørvendt i eit område rett vest for kyrkja på Hensåsen. Pris er ikkje endeleg avklara, men utgangspunktet er ein stad mellom 450.000–500.000,–.

– Planen er å grave veg og leggje straum og fiber til tomtane i løpet av hausten. Vatn/kloakk vert det opp til kvar og ein å fikse på den måten dei sjølv ynskjer, anten åleine eller saman med ein eller fleire naboar, informerer Heen. 

Budstadfeltet ligg på Åsvang/Hensåsen. Her bur du midt i naturen med barnehage, lysløype, og alt av turmoglegheiter tett innpå. Ti minutt i bil til Vang sentrum og Ryfoss.

Interessert i å veta meir? Ta kontakt med grunneigarane:  

Nils Harald Heen (Tomt 1–9)
Tlf: 90932957
E-post: nils.harald.heen@gmail.com 

Andris Ødegård (Tomt 10 og 11)
Tlf: 970 19 484

Og ja, dette er bustadtomter. Har du ein hyttedraum i Vang er det mange ledige hyttetomter ;-)