kristine_valdresdatter.jpg
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Kristine Valdresdatter

Kristine Valdresdatter i auditoriet på VBU

04. januar 2016

Onsdag 13. januar kl 19:30 i auditoriet på VBU er det klart for ein norsk filmklassikar med handling lagt til Vang.

Kristine:En fortælling fra Valdres blei skrive av forfattar Hans Anders Foss frå Modum i 1886. Historia er lagt til Vang i Valdres. Boka blei særs populær i si tid, og i 1930 regisserte Rasmus Breistein stumfilmen med same tittel.

Filmen begeistra både kritikarar og publikum, og det er denne klassikeren vi no får sjå, akkompagnert av live folkemusikk med Anders Erik Røine (gitar), Marit Karlberg (langeleik), Hans Hulbækmo (slagverk) og Sondre Meisfjord (bass).

Lokale medverkande og scener i filmen

Sigfred Hovda har gått grundig til verks og fortel litt om dei lokale scenen ein kan sjå i filmen: Spelemann var Ole Olsen Fuglen. Dansinga på Heensåsen er hjå Knut Heensåsen. (Bestefar til han som er der no) Gamlestøga der (Heensåsen) vart brukt som støl.

Gamle Knut Nefstad er og med som gammal mann med skjegg som sit og ler og kosa seg. Han hadde berre eit auge etter ei skiulykke, og er bestefar til Knut Nefstad som lever no. Torstein (Tøstein) L. Heen som er bestefar til Sigfred dansa med nabojenta Marit (Malla) Heen, gift med Olav Kvåle. Ho var mor til Ola Kvåle som lever no. Noko er og spelt inn på Stele, der gamle huset hjå Andris Wangensteen på Stele er sentralt. Det er og take opptak på Leirholshøgden, der som Leirhol har støl.

Innleiing v/ Tore Hovda, Vang historielag. Inngong: 100,-