6B55BE3A 4323 4F25 9613 7FE421B605BD
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Kulturkveld med Vangskoret

Kulturkveld med Vangskoret

23. november 2021
Torsdag 25. november inviterer Vangskoret til triveleg kulturkveld på Åsvang samfunnshus.

Er du huga på ein triveleg kveld med sang, musikk, traktering og god stemning? 

Då er det jo ypperleg at Vangskoret inviterer til ein triveleg kulturkveld på Åsvang samfunnshus kl. 19 kommande torsdag!

Dei bjuder på eit særs rikhaldig program; Vangskoret syng, det blir allsang, gitarspel fra både Eskil Kjøs og Oddbjørn Skeie, på langeleik får me Bjørg Berge og tru det eller ei - det blir både åresalg og traktering.

Det er med andre ord duka for ein grepa triveleg kveld. Så, ta med deg familie, vener og kos deg på Kulturkveld med Vangskoret!