fotokurs.jpg
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Kulturskulen med fleire nye tilbod

Kulturskulen med fleire nye tilbod

24. mars 2015

Fotokurs, showdans, teater, song, barnekor og mange ulike instrument - det er eit rikhaldig tilbud frå kulturskulen i skuleåret 2015-2016. Påmeldingsfristen er 1. april, du kan melde deg på elektronisk her.

Her er oversikt over tilboda:

Song og barnekor: Heidi Bergsbakken. Barnekor 1-4, (gratis) og 5-7.klasse på VBU.

Hardingfele, munnharpe og lausdans: Jan Beitohaugen Granli

Piano: Gunnar Baden og Siri-Gro Solemsli

Gitar: Oddbjørn Skeie og Gunnar Baden

Kyrkjeorgel: Alistair Peters

El. orgel: Gunnar Baden

Langeleik: Bjørg Berge

Slagverk: Simen Motrøen

Cello (i Vestre Slidre): Susanne Engelmann

Fiolin: Gunnar Baden

Teater i Høre: Alder er 4-7.klasse. Lærar er ikkje avklart, men det blir i gymsal på Høre skule onsdag kl 18.00-19.00.

Rockeverkstad: Spel/samspel/song. Det er ein føremon om du kan litt frå før. Måndag VBU 60 min. Oddbjørn Skeie og Simen Motrøen

Foto: 12 -16 år. Seks veker før jul og seks veker fram mot vårkonsert. Nysgjerrig eller entusiast på foto! Redigering- tolkning-utstilling! Bør ha laptop og speilreflekskamera. Torsdag VBU 14.45-16.15. Cathrine Dokken

Showdans: Fokus på å lage show som vi kan vise fram! To kurs til hausten, eit kurs for 1.-4 på barnetrinnet og eit for ungdomsskuletrinnet. Måndag på Torsheim 60 min. kl 15.30 (8-10) og 16.30 (1-4). Monica Søndrol

Kornett, althorn, trombone og baryton: Siri-Gro Solemsli

Kreativ verkstad: Med hovudvekt på teikning, 60 minutt i Øye, lærar Marianne Hermundstad

Les meir på Vang kommune sine heimesider her eller kontakt rektor Oddbjørn Skeie: kulturskulen@vang.kommune.no