Nyheit

Kunst- og forteljarverkstad på Vang folkebibliotek i haustferien

  Nyheitsarkiv
28. sep 2020
  • Kat og Ivanir kjem til Vang folkebibliotek i haustferien.
For ungar over 10 år

Kunstnarane Ivanir Sibylla Hasson og Kat Hagen kjem for å ta med ungar over 10 år på å utforske fargar, forteljingar og følelsar.

Dei vil jobbe med eventyr og andre forteljingar, og måling / teikning for å uttrykke tankane som oppstår i møte med forteljingane.

Verkstaden går over tre dagar: måndag 5., tysdag 6. og onsdag 7. oktober kl 11 00 – kl 15 00, på Vang folkebibliotek. Vi avsluttar verkstaden med ei utstilling.

Verkstaden har plass til 16 deltakarar. Påmelding til frivilligsentralen@vang.kommune.no / 46 81 64 73.

Alle må halde seg til gjeldande smittevernreglar.

Verkstaden er ein del av frivilligsentralen sitt prosjektet «Mestring og læring 2020», og er støtta av både Gjensidigestiftelsen og Caritas.