Venninnene Rannveig Gjevre frå Vang/Svolvær og Anne Hilde Øigarden frå Hedalen/Aurdal stiller for fyrste gong ut arbeider saman på Haukåsen helga 21. og 22. september. Foto: Trond Øigarden.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Kunstnarmøte på Haukåsen

Kunstnarmøte på Haukåsen

29. august 2018

Det er klart for glaskunst og strikkedesign på høgaste nivå helga 21. og 22. september på Haukåsen. Venninnene Rannveig Gjevre frå Vang/Svolvær og Anne Hilde Øigarden frå Hedalen/Aurdal stiller for fyrste gong ut arbeider saman.

Med historie saman heilt tilbake til hybeltida ved Valdres gymnas på slutten av syttitalet, er tema for utstillinga «to veninner møtes».

- Vi var båe kreative sjeler som engasjerte seg i kyrkjeleg arbeid og vi vart for venninner, fortel Rannveig. 

Dei to nære venninnene møttest att på studiestaden Menighetsfakultetet og gjennomførde sine teologi-og presteutdanningar der.

Ulike retningar

Etter endt studie tok dei kvar sin veg i livet.  Anne Hilde hadde si presteteneste på ulike stader i Austlandsområdet. For Rannveig gjekk vegen nordover til Lofoten og Svolvær. Etter tjue -tredve år med aktiv presteteneste var tida inne for forandring.

– I Svolvær vart ein kjær hobby gjort til levebrød. I 2009 sa eg opp fast stilling i kyrkja og blei handverkar og strikkedesigner på fulltid, fortel Rannveig. 

Nokre år etter gav også Anne Hilde kreativiteten meir rom i sitt liv. Glas blei hennar uttrykksform. 

Salgsutstilling

I september møtes venninnene og lagar felles utstilling med arbeida sine. Møtestaden er Haukåsen i Vang. Der blir det salgsutstilling med glas og strikk.

Anne Hilde arbeider i «fusing-teknikk» og lagar symbol og bilde i glas. Ho vil at forma og fargen skal uttrykke symbolske verdiar. Englar i ulike utgåver, både til å henge opp og til å ha i lomma, er hovudmotivet. «Pilegrimsengelen» er bestselgaren.

Rannveig strikker i reine naturmaterialar og glade farger. Ho har jakker, sjal og skjerf med til utstillinga fredag 21.sept. og laurdag 22.sept.

Fakta

Adresse: Haukåsen - Liagardsvegen 601 i Vang

Fredag 21.sept. kl.12-18

Laurdag 22.sept. kl. 11-16

Det blir kafè med salg av rummegraut- spekemat- kaffe og lappar